bjornson-topper bjornson-topper

Bjørnsons halve liv


Av Jan Olav Gatland, førstebibliotekar ved Universitetsbiblioteket i Bergen


05.03.2010 13:44

Bjørnson var den første kjende personen som offentleg stod fram og forsvarte homoseksualitet. Alt i 1891 skreiv Bjørnson i Dagbladet at homoseksuelle er uimottakelege for straff.


Jan Olav Gatland.
Foto: Knut Strand / Bergens Tidende.

”Tak, du er mit halve Liv!” skreiv Bjørnson i 1865 til den to år yngre danske kritikaren Clemens Petersen. Dei møtte kvarandre i København sommaren 1856 og utvikla straks eit nært forhold. Breva mellom dei er fulle av svulstige ord, lykkelege kjensleutbrot og heftige forsikringar om ein heilt spesiell vennskap: ”Aldri har jeg seet et saa stort Begrep om hvad Venskab er, som hos dig.” og ”Kjere, gode Ven, saa øm og blød du er, finere end en Kvinde ...”, skreiv Bjørnson. Medan Petersen svarte at ”naar Du rører vid mig, saa gnistrer jeg”.

I 1869 skjer hendingane som avslører Clemens Petersens avvikande seksualitet, og han flyktar frå Danmark, først til Wien og deretter til USA. Ingen hadde lenger noko positivt å seie om den til då høgt akta kritikaren – med unntak av Bjørnson, som også hjelpte Petersen med pengar til reisa. Like etter skandalen uttalte han: ”Clemens Petersen har fra første Ferd været mig til overordentlig Nytte og Velsignelse ved sin skjønne, rige Omgang,” og året etter: ”som jeg har elsket og elsker med min største Kjærlighed”. Bjørnson foreslo òg fleire gonger at Petersen skulle flytte til Aulestad og vere som ein slags sekretær for han.

Bjørnson hadde det med å ”elske” vennene sine. Han var ein sann vennskapens mann med stor sans for den såkalla romantiske vennskapen til andre menn, det vere seg Clemens Petersen, Ivar Bye eller H.C. Andersen. Det spesielle her er at alle dei tre nemnde mennene forelska seg i andre menn, men på ein heilt annan måte enn det Bjørnson gjorde. Kan hende det var grunnen til at Bjørnson også talte homoseksuelles sak?

Noregs store diktar og nasjonsbyggar var nemleg den første kjende personen som offentleg stod fram og forsvarte homoseksualitet. Alt i 1891 skreiv Bjørnson i Dagbladet at homoseksuelle er uimottakelege for straff. Han angrar på at han ikkje hadde tatt opp temaet tidlegare, seinast to år før, i 1889 då den nye kriminallova blei debattert og vedtatt i Stortinget. I 1901 blei han internasjonalt kjend som homoforsvarar ved at han gav si støtte til den tyske seksualforskaren Magnus Hirschfeldts kampanje mot den tyske antihomolova, § 175. Bjørnson svarte: ” I meir enn 20 år har eg vore av same meining som Dykk, og var eg tysk, ville eg ha underteikna.” Året etter blei Bjørnsons svarbrev trykt i Jahrbuch für sexuelle Zwischenstufen.

Dette er glimt frå ei side av Bjørnson ikkje alle kjenner like godt, men Bjørnson var ein svært allsidig person med eit sterkt samfunnsengasjement. Han var både den fordomsfrie og sosialt bevisste diktaren, den forståingsfulle og trufaste vennen, den rause og varme menneskekjennaren, og den forelska og impulsive brevskrivaren – han som skreiv om seg sjølv: “Jeg er, som du ved, en uforbederlig ‘sentimental’, ‘blød’, ‘kvinnelig’ natur.” Bjørnson var alt dette.

Jan Olav Gatland er førstebibliotekar ved Universitetsbiblioteket i Bergen og har skrive boka Mitt halve liv. Bjørnstjerne Bjørnsons vennskap med Clemens Petersen – og andre menn (2002).


Share

Bjørnson i media