bjornson-topper bjornson-topper

Bjørnson og folkehøgskulen.


Av Rasmus Stauri, lektor


23.01.2013 19:45

Bjørnsons forhold til folkehøgskulen kan forståast i to ord: samarbeid og konflikt.
Knapt nokon utanfor folkehøgskulens eigne folk har stått folkehøgskulen så nær som Bjørnstjerne Bjørnson. Utover i 1860-åra hadde han fleire møte med den danske teologen, presten, historikaren, diktaren og skulemannen J.F.S. Grundtvig, folkehøgskuletankens grunnleggjar.

Det fyrste besøket Bjørnson gjorde på ein folkehøgskule, var på Grundtvigs eigen Marielyst i 1867. Det siste var på Gudbrandsdalens folkehøgskule i Kvam i 1907, da han på eit folkemøte snakka om ”Kirkefesten i Rom” og ”Ungdommens fremtidsoppgaver”. I dei fleste åra imellom hadde han god kontakt med folkehøgskulen. I 1870-åra tala han fleire gonger på Sagatun og Vonheim. Sagatun heitte den første norske folkehøgskulen som vart grunnlagt av Herman Anker og Olaus Arvesen på Hamar i 1864. Ved innviinga av Sagatun var det plassert to byster i forsamlingssalen på skulen, ei av Grundtvig og den andre av Bjørnson.

Bjørnsons plass i folkehøgskulen som talar og diktar var viktig særleg i 1860- og 1870-åra, og ikkje minst gjennom bondeforteljingane vart det skapt eit ideologisk fellesskap til folkehøgskulen med vekt på bondens rolle i nasjonsbygginga. Bjørnson forstod folkehøgskulens rolle som danningsskule der eit optimistisk menneskesyn låg til grunn. Bjørnsons lyrikk er og har vore godt kjent i folkehøgskulen. ”Jeg kjører frem gjennom strålefryd”,

og mange andre dikt og songar har hatt ein sentral plass på mange folkehøgskular gjennom åra.

Folkeopplysningstanken i folkehøgskuleideologien var også i pakt med Bjørnsons livsgjerning – å byggje nasjonen politisk, sosialt og kulturelt. I folkehøgskulen skulle heile mennesket bli utvikla, ikkje berre minnet og forstanden, men også kjenslelivet og fantasien; elevane skulle få noko å tru på og noko å leve for. Å vektleggje det levande ordet var også i pakt med Bjørnsons tankar – møtet mellom elev og lærar, og dette samsvarte med Bjørnsons gåver og aktør som folketalar. Men på eitt område kunne ikkje Bjørnson støtte hovudstraumen av folkehøgskulefolket, og det galdt haldninga til landsmålet. Han vart med åra landsmålsmotstandar og den fyrste formannen av Riksmålsforbundet i 1907.

Bjørnstjerne Bjørnson og Christopher Bruun

Bjørnson kjøpte garden Aulestad og flytte dit i 1874. Det var ikkje minst Bruuns folkehøgskule Vonheim i Gausdal som låg bakom valet av dette gardskjøpet. Frå 1875 og utover var Bjørnson på Vonheim som regel kvar onsdag og på måndagsmøta, der han heldt foredrag over ulike emne. Men Bjørnsons forhold til folkehøgskulen og sentrale høgskulemenn vart frå 1880-åra vanskeleg trass i at Bjørnson i mangt delte det verdigrunnlaget folkehøgskulen opphavleg bygde på. Men Bruuns programskrift for den grundtvigianske folkehøgskulen, ”Folkelige Grundtanker”, frå 1878, vart i mangt til på bakgrunn av Bjørnsons formannstid i Studentersamfunnet vårsemesteret 1870.

Etter kvart kom Bjørnson og Bruun til å vekse frå kvarandre i fleire spørsmål enn målsaka. Synet på kristendomen, på utanrikspolitiske spørsmål og i spørsmålet om republikk eller kongedøme, kom til å gjere forholdet mellom dei to vanskelegare. Hjartevener vart dei aldri, skriv Bruuns svigerson, Klaus Sletten. Til det var dei for ulike av gemytt og legning. Bjørnson var mye av eit stemningsmenneske medan Bruun var ein alvorsmann og i mangt ein religiøs grublar, autoritetsbunden og autoritær. Bjørnson hadde eit lysare temperament, større humør og vidd, ein forkjempar for tankefridom og frisinn. Men det som for alvor skapte ei kløft mellom dei to var Bjørnsons avstand frå den kristne helveteslæra, der fritenkjaren Bjørnson i 1880- og 1890-åra vart tydeleg. Dei kom også til å stå mot kvarandre i unionsspørsmålet, da Bruun vart unionstilhengar.

Andre stridsspørsmål

Men det var også andre spørsmål i tida som kom til å skape konflikt mellom Bjørnson og folkehøgskulen. Sagatun-miljøet skilde seg etter måten frå Vonheim-kretsen ved å vere mindre landsmåls- og pietistisk orientert, og dette fall i Bjørnsons smak. Men synet på dei nasjonale spørsmåla og bondens rolle i samfunnet vart også emne der Bjørnson med åra ikkje kunne følgje sentrale menn i folkehøgskulen. Bjørnson meinte i all hovudsak at husmennene måtte lyftast opp på nivået til den sjølveigande bonden. Sentrale krefter i folkehøgskulen talte for nøysemd og eit enklare liv. Bjørnson vart også skeptisk til det han såg som ei overdriven dyrking av den nasjonale kulturen innanfor folkehøgskulerørsla. Det vart for statisk, for lite utvikling og fornying, for lite syn mot Europa og andre idéstraumar, meinte Bjørnson. Bjørnson endra også synet på kunnskap utover mot hundreårsskiftet. Han meinte at folkehøgskulen hekk for mykje att i ei estetisk og moralsk danning hos mennesket. Danningsfag som historie og dikting var sentrale. Bjørnson vart farga av eit positivistisk vitskapssyn. Han ønskte meir eksakt kunnskap innanfor alle kunnskapsområde, ikkje minst innanfor naturfaga. Der folkehøgskulen var rotfesta og orientert mot det nasjonale og mot idéstraumane i romantikken nyorienterte Bjørnson seg mot realismen i skule- og i samfunnsdebatten.

Sluttord

Bjørnsons forhold til folkehøgskulen kan forståast i to ord: samarbeid og konflikt. Skiljet kom ved slutten av 1870-åra, men det kom aldri til noko brot mellom folkehøgskulen og diktaren og politikaren Bjørnson. Bjørnsons vide horisont mot Europa, dei mange impulsane han tok imot gjennom lengre utanlandsopphald, fargela sjølvsagt synet hans på mange område. Eit nytt samfunn var under utvikling mot slutten av 1800-talet med moderne naturvitskap, moderne teknologi og nye idear på samfunnslivet og samfunnsutvilklinga. Bjørnson ville vere ein del av alt dette. Folkehøgskulen stod etter Bjørnsons meining for mykje att i den nasjonale kulturen, i historie og dikting – relativt urørt av det nye. Og Bjørnsons riksmålsengasjement gjorde ikkje forholdet lettare. Men det synest klart i ettertid at Bjørnson aldri gjekk bort frå den positive vurderinga av den krafta og rolla folkehøgskulen hadde. Det kom ikkje minst fram gjennom dei radikale pedagogiske ideane skuleslaget representerte ved trua på enkeltmennesket, og vektlegginga av dei skapande evnene i kvart individ – kor viktig den gode læraren er for ei harmonisk utvikling av eit ungt menneske. Elevane skulle skapast til frie, sjølvstendige, tenkjande menneske, frie for mekanisk pugg og eksamen. I slike spørsmål gjekk Bjørnson og folkehøgskulen hand i hand.

 


Share

Bjørnson i media