bjornson-topper bjornson-topper

Nessetelever til filmen.


Av Kirsti Fagerslett, lærer i Nesset kommune


19.02.2010 14:38

"Ja, det vil vi!", kom det samstemt frå 86 ungdomar. Dei hadde fått høyre om planen for produksjon av ein film om Bjørnstjerne Bjørnson. Ei gruppe av kommunalt tilsette innan skule og kultur hadde ein idé.

Jeg velger meg Bjørnson.
Filmfotograf Robert Hansen hadde sagt seg interessert i å bli med på prosjektet, men ungdomane måtte bli ei viktig brikke for å få dette til. Det var godt å høyre at dei likte ideen, og dermed var arbeidet i gang. Elevane frå dei to ungdomsskulane i Nesset blei delt i 16 arbeidsgrupper. Desse fekk velje kvar sine tema dei ville arbeide med. Utgangspunktet var Bjørnstjerne Bjørnson sitt liv og dikting, og dei sterke banda han hadde til Nesset.

Omfattande arbeid med førebuingar
Gruppene skulle lage kvar sin filmsekvens på to til tre minutt. Dei kom med skisser til korleis dei ville løyse si oppgåve, lagde manus og etter kvart dreiebok. Undervegs fekk dei tilbakemeldingar og råd. Robert Hansen hadde erfaring frå filmproduksjon med ungdomar, og fekk lagt inn kurs innan filmfaglege tema. Elevane fekk lære om drama, sminke, rekvisittar, kostyme, lyd, lys og regi.

Innspeling
Våren 2009 var gruppene klare for opptak. For å få ein film med variasjon og breitt innhald, vart det teke i bruk mange sjangrar. Drama, stumfilm, dokumentar, intervju, reportasje og litt humor. Nokre grupper måtte ut på reisefot til Molde, Oslo og til Kvikne. Andre fann lokalitetar i nærmiljøet, der ein meinte at handlingane var henta frå. Mange fekk eit storarbeid med å finne kostymer og rekvisittar. Nokre hadde bruk for vaksne eller barn til skodespelarar og statistar, og bygdefolk stilte villig opp. Dei som lagde dramatiske scener, fekk prøve tolmodet sitt, og lærte mykje om at det må mange opptak til for å lage to minutt med film. Det vart mykje venting. Heldigvis hadde vi vêret med oss denne våren, og dei fleste opptaka gjekk etter oppsett tidsplan.

Kunnskapsrikt
Prosessen vart lærerik med tanke på filmproduksjon, men kanskje aller mest fekk ungdomane kjennskap til Bjørnstjerne Bjørnson. Dei fekk kome nærare inn på mange sider ved forfattaren. Dette vart forsterka da alle vart med på tur til Oslo. Der fekk elevane besøke Nastionaltheatret og Stortinget. Med stor respekt var dei ved grava til Bjørnson og la ned krans. På heimturen vart Aulestad besøkt. Til tross for restaureringsarbeidet som var i gang, vart det ei fin omvising. Det vart ein innhaldsrik tur, og vi som har arbeidd i lag med ungdomane, ser at dei går vidare med kunnskap om langt meir enn at han voks opp på Nesset prestegard og at han skreiv ”Ja, vi elsker dette landet”.

Organisering
Prosessen har vore administrert av Laila Mittet som er skulefagleg rådgjevar i Nesset kommune. Ho har arbeidd i lag med ei styringsgruppe beståande av lærarar frå dei to ungdomsskulane, Eidsvåg og Indre Nesset i Eresfjord. Robert Hansen var med som filmfagleg ansvarleg og regissør og Bjørn Ølander som vår Bjørnsonkjennar. Ved dei to skulane har òg fleire av lærarane vore engasjerte. Filmen har hatt sitt eige budsjett, med inntekter frå lokale sponsorar, Norsk film, Nesset kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og sal av filmen.

Premiere
I november 2009 var filmen klar for premiere. Det var raud løpar og drikke frå glas med stett. Spenninga var stor da dei 86 ungdomane og inviterte gjester sette seg i salen. Resultatet av eit og eit halvt års arbeid skulle opp på lerretet. Mange fekk sjå att seg sjølv, og mange fekk sjå at intervjua dei hadde gjort var klipte fint inn mellom arbeida til dei andre elevane. Dei seksten sekvensane var sette saman og gav eit heilskapleg bilete av Bjørnstjerne Bjørnson. Det var ei underleg kjensle å vere medverkande til eit så fint produkt. Letta var stor da jubelen stod i taket etter framsyninga. Alle kunne ta det til seg da ordføraren takka med: ”Du verden for ein film.”

No håper vi at fleire skal få sjå filmen. Den er godt eigna til undervisning, og må passe fint både i Bjørnsonåret 2010 og seinare.

Her kan du se klipp fra filmen.

Denne teksten vil bli erstattet

For mer informasjon om filmen ”Jeg velger meg Bjørnson” kontakt postmottak@nesset.kommune.no


Share

Bjørnson i media