bjornson-topper bjornson-topper

Bjørnson i Shanghai


Av Edvard Hoem, forfatter/biograf


02.01.2010 16:42

I Kina vart Bjørnson-året 2010 opna på ein uoffisiell og uvanleg måte, da Teaterakademiet i Shanghai torsdag 4. desember 2009 hadde premiere på De Nygifte Bjørnsons ekteskapskomedie frå 1865. For ein norsk observatør som har til gode å sjå De Nygifte på scenen i forfattarens heimland, var det underleg å vera vitne til korleis stykket engasjerte eit kinesisk publikum.

Den unge Laura i stykket er også etter bryllaupet først og fremst dotter av sine foreldre, og det fører til smertefulle konfliktar da ektemannen Aksel forlanger at dei må få sin eigen heim og han ei sjølvstendig stilling. Tradisjonsbanda i det norske borgarskapet for hundre og femti år sidan blir aktuelt teater for eit kinesisk publikum, og eit tankevekkande møte med nær fortid for oss.
Den tjue år gamle tolken min forklarte engasjementet rundt framsyninga ved å seia: Det handlar jo om oss! Ho viste til dei stadige tradisjonskonflikt-ane som oppstår når unge kvinner og menn gifter seg med ektefeller frå den kinesiske landsbygda.
Kanskje kan framsyninga i Shanghai gi oss ei aning om kvifor Bjørnson i samtida framstod som ein makelaus fortolkar av livsrealitetar som vi har gløymt saman med De Nygifte?
Framsyninga i Shanghai kunne varte opp med elghovud på veggen og Jesus-figur på stuebordet, men låg likevel eit stykke unna det ein i Vesten forbind med realisme. Da Aksels frustrasjon kulminerte, dansa han med stolane i svigerfarens hus. Det var ein storarta teatral augneblink.
Kina vil omskapa det vestlege dramaet til noko som er vestleg, kinesisk og globalt på ein gong. Dagen før premieren på De Nygifte var underskrivne til stades på ei framsyning i Hanzhou, der Sofokles’ Kong Oidipus vart framført som Peking-opera. Peer Gynt er blitt Peking-opera tidlegare, Fruen frå havet er musikal, og no har dei tenkt å gå laus på Hedda Gabler. Jon Fosse spøker i framtidskulissane. Som leiaren for Teaterakademiet, professor Han Sheng uttrykte det: Vi moderniserer for på nytt å kunne oppdaga våre eigne skattar.
Det er ikkje sikkert Norge heller treng meir vidløftig motto for Bjørnson-året enn akkurat det.

Les foredraget Hoem holdt i Shanghai her.


Share

Bjørnson i media