bjornson-topper bjornson-topper

Bjørnsonåret i Nesset kommune


Av Bjørn Ølander, kultursjef i Nesset kommune


01.05.2010 09:00

Innbyggarane i Nesset er stolte av Bjørnstjerne og har eit omfattande program i samband med Bjørnsonåret 2010. Nesset kommune sitt slagord er: ”Jeg velger meg Nesset”. Etter diktet valg. (Jeg velger meg april)

Bjørnstjerne Bjørnson kom til Nesset som 5 åring og forlet kommunen då han var 20 år og familien, i 1853, flytta til Søgne. Dette var etter at faren, Peder Bjørnson, hadde vore gjennom ein opprivande strid med andre embetsmenn i bygda. (Kapteinstriden) I denne perioden gjekk han óg på middelskole i Molde og var eit år i Kristiania på Heltbergs studentfabrikk, men her vaks han opp, og her samla han inntrykk og haldningar som seinare kom ut i prosa, poesi og handling.

Bjørnsonfilmen:

86 ungdomsskuleelevar frå heile kommunen har i samarbeid med Robert Hansen i Fargefilm AS laga film om Bjørnstjerne: ”Jeg velger meg Bjørnson”. Arbeidet med filmen starta hausten 2008 og hadde premiére 20. november 2009. Elevane vart delt i 16 grupper som kvar for seg fikk velge seg eit tema, dikt eller fortelling som handla om Bjørnson sin oppvekst i Nesset eller frå seinare i livet. Målet med arbeidet var todelt: Elevane skulle lære om film og ulike sjangerar, og dei skulle lære om Bjørnstjerne Bjørnson. Filmen er på 50 minutt og har fått svært god mottaking, den er både dramatisk, morro og til ettertanke. Filmen egnar seg godt til undervisning om Bjørnstjerne Bjørnson i barne- og ungdommskulen.

Nesset Prestegard, museum og kultursenter:

Nesset kommune har i mange år brukt Nesset Prestegard til formidling av Bjørnson og prestegardshistorie. Etter to år med ombygging opnar vi fjøsen på Prestegarden den 11. april 2010 som museum og kultursenter. Det er brukt om lag 7 mill. på ombygginga. Fjøsen inneheld forsamlingslokale, formidlingsrom, kjøkken toalett og møterom. Det vert lagt vekt på web-baserte utstillingar og audiovisuelle formidlingsformer.

Bjørnsonfestivalen:

Nesset kommue er medeigar i stiftinga Bjørnsonfestivalen som er Noregs eldste litteraturfestival. Festivalen har sia starten i 1992 hatt faste arrangement i Nesset. I Bjørnsonåret planlegg vi fleire arrangement i Nesseti veke 35:

Bjørnsonseminaret vil sjå på Bjørnson i samband med nasjonsbygging og nasjonalisme, og vi vil koble dette mot nasjonsbygging og nasjonalisme i dag; -Bjørnson for vår tid.

Det er óg under arbeid eit Bjørnsonspel: ”Her vokste mine inntrykk”. Spelet vektlegg oppveksten på Nesset Prestegard og dei impulsane han fekk her. Spelet er eit samarbeid mellom blandakor, orkester og to aktive amatørteatermiljø i kommune. Det vert brukt lokal musikk av Rolf Hindhammer og det vil bli lagt opp som eit vandrespel frå tunet på Prestegarden og ned på Prestneset med gravhaugar frå tidleg vikingtid.

I tillegg til desse to store satsingane vil det vere konsertar, foredrag, utstillingar og litteraturprogram.


Share

Bjørnson i media