bjornson-topper bjornson-topper

Fiskerjenten


Av Herborg Kråkevik


18.01.2010 14:59

I 2001 blei boka "Fiskerjenten" filmatisert. Herborg Kråkevik spela huvedrolla som "Fiskerjenten" Petra.

Då Norsk film skulle filmatisera Bjørnson-romanen Fiskerjenten, var eg så heldig at eg fekk spela hovudkarakteren Petra. Det viktigaste eg lærte av å spela Petra,var å koma nær att det barnlege i meg sjølv. Dei beste skodespelarane – og eg trur Petra vart nett ein slik ein – er dei som klarar å halda barnet inni seg levande heile livet.

I den barnlege leiken spelar me jo ikkje – me ER.
Me trur fullt og heilt på det me seier og gjer, sjølv om me godt veit det er ein leik.
Eg trur dikting handlar om det same; ein må vera så inni stoffet sitt at det karakterane skal seia og gjera kjem heilt av seg sjølv.

Som forfattar må ein naturlegvis også ha uvanleg god sans for språk, struktur og det tekniske. For spelaren på ei scene er teknikken også viktig, men som for forfattaren er det den inderlege trua og innlevinga som er avgjerande.
Avgjerande for om publikum skal tru på det som vert laga.
På sitt beste klarte Bjørnson akkurat dette; å skapa karakterar og handlingar som me trur fullt og heilt på. F.eks. i Bondeforteljingane og i Fiskerjenten. Bjørnson hadde nok stoff i seg til å verta ein stor skodespelar, men sikkert altfor stor; han ville ha sprengt scenerammene. Det hadde ikkje vore plass til medspelarar eller kulissar, det svære hovudet hans hadde pressa seg på oss og gjort det umogeleg å konsentrera seg om noko som helst anna enn han: Bjørnstjerne!

Det vert sagt om Edith Piaf at ho var eit kraftverk. Ingen kom nær henne utan å verta stråleskadd. Slik trur eg kanskje Bjørnson var òg.
Heldigvis brukte han evnene sine til å dikta, både på papiret og i livet.Saman med andre glødande kunstnarar på slutten av 1800-talet dikta han fram eit nytt Norge, bygd på gammalnorsk arv og inspirasjon frå dei nye, store ideane ute i Europa.
Diktinga var så sterk at folk trudde på det og slik fekk me ein heilt ny nasjon.
Trua er livsavgjerande, ikkje berre for ein skodespelar eller ein diktar, men for alle menneske som vil noko med livet sitt og verda omkring seg.

Eit lite vers frå Bjørnstjerne til slutt:

Den største mann på jorden
må pleie barnet i sitt bryst
og lytte, selv i torden
til hvad det hvisker tyst.
Hvor tidt en kjempe falt med skam,
det barnet var som reiste ham.

Sitatet er fra Barnet i vor Sjæl, som står i Digte og Sange 2. utg. 1880. Opprinnelig het diktet Ved en Vens Bryllup. Det sto først trykt i Norsk Folkeblad desember 1869 og deretter i Digte og Sange året etter (Der skrives tittelen "Ved en vens bryllop"), men begge steder uten denne strofen. Den kom først med i 1880. I denne versjonen er fem av de opprinnelige strofene byttet ut med tre nye, blant annet det du siteres her.
Red.anm.

Her kan du selv sammenligne. Oppsettet for Barnet i vor sjæl er dessverre ikke helt korrekt, men her er det ordlyden som er viktig.


Share

Bjørnson i media