bjornson-topper bjornson-topper

Bjørnson-konferanse 2010


Av Elisabeth S. Christensen, Nasjonalbiblioteket


22.11.2010 15:23

I samband med markeringa av Bjørnstjerne Bjørnson inviterer Nasjonalbiblioteket og Institutt for lingvistiske nor nordiske studium ved Universitetet i Oslo til ein konferanse 25.-27. november 2010.

Hos Bjørnson finn vi lyrisk flukt og dagsaktuelt nærvær. Gjennom 60 år var han ein viktig person i norsk og internasjonal offentlegheit, med mot, originalitet og pågangskraft. Etter hans verksemd som kunstnar, tenkjar og politikar finn vi eit stort og rikt materiale, og jamvel om det er gjort fleire glimrande Bjørnson-studiar, er dette materialet i liten grad utforska.

Mange har hatt sterke meiningar om Bjørnson. I løpet av dei hundre åra som har gått, har me fått avstand til det ideologiske landskapet som prega den tidlege Bjørnson-resepsjonen. Jamvel om det nasjonsbyggande engasjementet har mista motiverande kraft, kan Bjørnson framleis vekke interesse, fasinasjon og undring. Forskarar i dag må kunne møte Bjørnson med avspent nyfikne. Det er utvikla måtar å nærme seg på innan humaniora og samfunnsvitskap som kan finne nye samanhengar i og omkring verka og verksemda hans. Bjørnson er lite utforska både som skjønnlitterær forfattar og som journalist, teatermann, brevskrivar, talar og ideolog. Her er nok av oppgåver.

Vi inviterer til tre dagar med Bjørnson-dugnad som markerer slutten på Bjørnson-året 2010. Slik som Bjørnsons eigen produksjon er mangslungen, ønskjer me velkommen eit bredt spekter av bidrag frå forskarar ved universitetet, høgskolar og andre forskingsinstitusjonar.

Konferansebidraga blir truleg samla i bokform i 2011.

Program.

Nyheitsbrev: Alle som ønskjer det, kan få nyheitsbrevet til konferansen på e-post. ”Nytt fra Bjørnson-konferansen”. Her vil vi sende ut nyheiter av generell interesse og viktig informasjon om konferansen. Send e-post til bjørnson2010@iln.uio.no

Arrangementskomité: Giulio D’Amico, UiO; Liv Bliksrud, UiO; Sigbjørn Grindheim, Nasjonalbiblioteket; Petter Aaslestad, NTNU, og Arnfinn Åslund, UiO.

Påmelding og spørsmål

Bjørnson2010@iln.uio.no


Share

Bjørnson i media