bjornson-topper bjornson-topper

Bjørnson i Bergen


26.02.2010 09:00

I dag åpner utstillinga Bjørnson i Bergen. Utstillinga finnes også på nett.

Det er 100 år sidan Bjørnstjerne Bjørnsons død i 1910. Dette markerer Universitetsbiblioteket med utstillinga ”Bjørnson i Bergen”. Noregs store forfattar og nasjonsbyggjar var i Bergen i nesten to år, frå november 1857 til august 1859. Utstillinga fokuserer m.a. på Bjørnsons tid ved Det norske Theater, møtet med Karoline Reimers, striden med Geelmuydens Enkes forlag om romanen Arne og Bjørnsons begeistring for landsmålet på grunn av bergenske målvenner. Grunnlaget for utstillinga er materiale frå Universitetsbibliotekets eiga samling.

Besøk og nettutstillinga.

Utstillinga åpner i dag, 26.2.2010 13.00 og står til 31.5.2010 19.00
Bibliotek for humaniora, Haakon Sheteligs plass 7

Kontakt: Jan Olav Gatland UiB


Share

Bjørnson i media