Søkefelt
Søk på ord eller frasar i dette feltet gir treff på alle referansar der ordet eller frasen finst.
Eks.:
brandes vil gi treff på alle referansar der personnamnet Brandes står som forfattar, emneord og/eller inngår i ein bok- eller artikkeltittel.
Her søker ein på forfattar og andre medarbeidarar, både personnamn og korporasjonsnamn.
Søk på berre etternamn (vesaas) gir treff på alle referansar av forfattarar med dette etternamnet, også som del av dobbeltnamn. For søk på eit bestemt forfattarnamn er det sikrast å søke på fornamn kombinert med etternamn med ordet and, fordi namnet i ein del tilfelle ikkje er registrert invertert - altså slik: olav and vesaas. Ein kan også søke trunkert: vesaas and o? For korporasjonsnamn søker ein antan på heile namnet eller på enkeltord frå namnet.
I dette feltet søker ein på referansens tittel. Skriv heile tittelen eller eitt ord eller fleire inn i feltet.
Eks.:
Søk på telemark gir treff på alle referansar til bøker med dette ordet i tittelen, telemark dikt og draum gir treff på referansar til akkurat denne boktittelen.
I dette feltet søker ein på referansens tittel. Skriv heile tittelen eller eitt eller fleire ord inn i feltet.
Eks.:
Søk på telemark gir treff på alle referansar til artiklar med dette ordet i tittelen, ein hippie frå telemark eller hippie and telemark gir treff på tittelen Ein hippie frå Telemark.
Her søker ein på personnamn som er emneord i referansane (gjeld t.d. biografiar, dagbøker, festskrift, meldingar av personens bøker). For søk på eit bestemt forfattarnamn er det sikrast å søke på fornamn kombinert med etternamn med ordet and, fordi namnet i ein del høve ikkje er registrert invertert - altså slik: tarjei and vesaas eller trunkert: vesaas and tar?
Feltet gir høve til å søke på større emnegrupper som tilsvarar overskriftene i den trykte bibliografien. Det aktuelle ordet vel ein frå rullegardinmenyen.
Her søker ein på året då boka eller artikkelen vart publisert. Dersom fjerde siffer blir bytt ut med ? (spørsmålsteikn), vert det søkt på heile tiåret, t.d. gir 199? treff på referansar til bøker og artiklar utgitte 1990-1999.
Ein kan markere at ein vil søke med dei logiske operatorane AND eller OR mellom felta.
Eks.:
Feltet Person som emne utfylt med undset and sigrid, feltet Utgivingsår utfylt med 199? og markering av OG gir treff på referansar til bøker og artiklar om Sigrid Undset utgitte 1990-1999.
Feltet Forfattar utfylt med obrestad, feltet Person som emne utfylt med obrestad og markering av ELLER gir treff på referansar til bøker og artiklar der Obrestad antan er forfattar eller emne.