avis søk

    avisbiblioteket

    kontakt oss


      





Norske Intelligenssedler

Norske Intelligenz-Seddeler var Norges første ordinære avis. Den kom ut som vekeavis i Christiania første gang 25. mai 1763. Utgivar var boktrykkar Samuel Conrad Schwach (ca.1731-1781) frå Pommern. Han fekk løyve til å etablera boktrykkeri i Christiania i 1758. Avisutgiving var i utgangspunktet avhengig av kongeleg privilegium. Men Schwach fann ei nisje i privilegieordninga med å unngå stoff som kravde privilegium, dvs. nyheiter og beretningar om regjeringshandlingar, politikk etc. annonser. Av avisas fire små sider var to reserverte for annonser, resten inneheldt økonomiske eller religiøse betraktningar samt religiøse vers. Bortsett frå perioden 1770-79 rådde det streng sensur i dobbeltmonarkiet Danmark-Norge og Norske Intelligenz-Seddeler spela ikkje nokon politisk rolle.