I Nasjonalbiblioteket sin vitskapshistoriske kollokvieserie, ”Ved Observatoriet” tysdag 13. oktober, føreles Anton Fredrik Andresen om "Gregers Fougner Lundh – amatørentusiasten og dei unge forskarspirane i Norge etter 1814".

Oljemaleri av Jacob Munch (?). Fotografi av original ved fotograf O. Væring.
Kollokviet finn stad tysdag 13. oktober kl. 13.00-15.00.
Gregers Fougner Lundh (1786-1836) var den første professoren i økonomi i Noreg. Han utfalda seg på ei rekkje ulike samfunnsområde i den nye norske staten etter 1814: teknologi og naturfag, språk og historie, økonomi og statistikk. I 1822 starta han tidsskriftet Magazin for Naturvidenskaberne saman med astronomen Christopher Hansteen. Han var ei drivande kraft i Selskabet for Norges Vel og ein inspirator for unge vitskapsdyrkande studentar.
Historikaren Anton Fredrik Andresen er knytt til Forum for universitetshistorie ved Universitetet i Oslo. Han har særlig arbeidd med økonomifaget si historie og undervisnings-, kunnskaps- og universitetshistorie. Han vart i 2004 dr. art. på avhandlinga Nytte, dannelse, vitenskap ? : universitetet og økonomifaget i det nye Norge, 1811-1840.
Kollokviet er ope for alle.
Seinare kollokvium vil ha følgjande bidragsytarar og tema: