1. desember blir det arrangert nytt kollokvium i Nasjonalbiblioteket, denne gongen med Johan Sebastian Welhaven som tema. Foredragshaldar er Anne-Lise Seip.
Tysdag 1. desember kl 13.00-15.00 i Slottsbiblioteket.

Johan Sebastian Welhaven (1807-1873)
Litografi utgitt av I.W. Tegner & Kittendorffs Lithographiske Institutt
Diktaren, litteraturkritikaren og universitetsprofessoren Johan Sebastian Welhaven (1807-1873) var ein sentral kulturperson på 1800-talet i Noreg. Han er i dag kanskje mest kjend for feidane med Henrik Wergeland, og kom for ettertida til å stå i skuggen av rivalen sin.
Anne-Lise Seip gir i biografien sin, Demringstid : Johan Sebastian Welhaven og nasjonen (2007) eit nyansert bilete av Welhaven, og trekkjer særleg fram den rolla han spelte som nasjonal identitetsbyggjar og kulturpolitisk premissgjevar.
Anne-Lise Seip er professor emeritus i historie ved Universitetet i Oslo. Ho er kjend som den fremste velferdsstatshistorikaren vår, og ho har i dei siste åra spesielt vore oppteken av norsk 1800-tal, som ho har behandla i bind 8 av Aschehoug si Noregshistorie, Nasjonen bygges 1830-1870, og i ei rekkje bøker og artiklar.
Kollokviet er ope for alle.