Fag
2009.11.09
Utstillingsopning - Murens fall
Kristin Hagelid

I dag, måndag 9. november, markerte Nasjonalbiblioteket i samarbeid med den tyske ambassaden i Oslo at det er 20 år sidan muren vart riven. I høve dagen opna utstillinga Murens fall – frå fredeleg revolusjon til tysk samling.




Ambassadør Detlev Rünger og utanriksminister Jonas Gahr Støre under utstillingsopninga av Murens fall.

Den tyske ambassadøren Detlev Rünger stod for opninga av utstillinga. Han innleidde med å seie at det er dagar i historia vi ikkje gløymer, 9. november 1989 er ein slik dag.

TTil stades under opninga var òg utanriksminister Jonas Gahr Støre og Aftenposten sin tidlegare tysklandskorrespondent Nils Morten Udgaard. Udgaard var sjølv i Berlin i dagane etter at muren fall og fortalde om nokre av tidsopplevingane sine. - Da muren fall var instinktet at han skulle vekk, forsvinne, men muren har bevart symbolverdien sin. Han er både eit symbol på eit tapt og hjelpelaust regime og eit symbol på fridomsvilje og glede, sa Udgaard. Han bad publikum om å rette blikka mot andleta på bileta i utstillinga. Det er desse andleta som fortel historia om murens fall, sa Udgaard.

Utstillinga er laga av Bundesstiftung zur Aufarbeitung der SED-Diktatur og viser eitt av dei mest utrulege kapitla i vår nære historie. Dagsrevy-innslag frå 9. november, aviser og fotografi vitnar om ei tid da det norske folket òg følgde tett med på hendingane som skulle endre verdshistoria for alltid.

I utstillinga blir det òg vist to prislønte kortfilmar frå den internasjonale filmfestivalen i Berlin (Berlin Talent Campus) i år. Teleportation av Markus Dietrich og The Berlin Wall av Paul Cotter handlar begge om murens fall.


Utstillinga står i perioden 9. november - 30. desember 2009. I denne perioden blir det òg omvisingar og paneldebatten: Kva fall? Kva vart ståande? – eit tilbakeblikk på murens fall. For meir informasjon, sjå arrangementskalenderen på nb.no



Alle nyheter ...
Nasjonalbiblioteket | postboks 2674 Solli, 0203 Oslo | tlf.: 810 01 300 | postmottak