Fag
2009.01.27
NB21: Knørva, knust kunst
Merethe Myrvang

Biletkunstnaren Mari Slaattelid har måla bokomslaga til Knut Hamsuns samla verk. Dei ni første, av i alt 27 omslag, blei kåra til Årets vakraste bøker i 2008.




Mari Slaattelid
Foto: Ketil Born/Nasjonalbiblioteket

I siste utgåve av NB21 fortel Mari Slaattelid om arbeidet med bokomslaga. - Eg bestemte meg for at eg ikkje ville streve etter noka nordlandsstemning, fortel ho. - Ikkje noko figurativt biletspråk i ei romantisk nordlandsk setting. Mange har gjort det, og det har festa seg som en Hamsun-klisjè. Eg ville verne Hamsun mot endå meir sjøsprøyt og folklore, eller rettare sagt overlate folkloren til forfattaren sjølv, seier Slaattelid i dette intervjuet. Les heile artikkelen.

Ønskjer du å få framtidige utgåver av NB21, anten i trykt eller elektronisk form, send namn og adresse til informasjon@nb.no. Du kan òg laste ned magasinet på nb.no/nb21

Meir stoff om Knut Hamsun og Hamsun-året finn du på Hamsun 2009



Alle nyheter ...
Nasjonalbiblioteket | postboks 2674 Solli, 0203 Oslo | tlf.: 810 01 300 | postmottak