Den 8. mai 2008 markerer Nasjonalbiblioteket 200-årsjubileet for at Henrik Wergeland vart fødd med ei jubileumsutstilling og ei bokutgjeving i samarbeid med forlaget Cappelen Damm. Hassel-Nødder, ei samling biografiske skisser, vil vere sentral i utstillinga.

Avfotografering av maleri av Henrik Wergeland på sykeleie, malt av L.W.T. Bratz, 1845. Fotograf ukjent.
Wergeland skreiv Hassel-Nødder, med og uden Kjerne, dog til Tidsfordriv, plukkede af min henvisnede Livs-Busk da han låg på dødsleiet. I 49 korte kapittel fortel han om viktige augeblikk i livet sitt. Vi følgjer diktaren sine eigne skildringar: Heftige ungdomsforelskingar blir til svermeriske dikt, samfunnsengasjementet resulterer i flammande 17. maitalar og satiriske farser. Refleksjonane hans kring døden finn vi i nokre av dei siste dikta hans, som Paa Hospitalet, om Natten. Wergeland, ein av dei mest allsidige forfattarane i Noreg, blir presentert med førsteutgåver og originalmanuskript av dikt, drama, essay, historiske verk, preiker og songar som han skreiv.
Wergeland i Nasjonalbiblioteket Nasjonalbiblioteket eig den største samlinga av Henrik Wergeland sine manuskript, teikningar og brev. Mange av dei blir viste i utstillinga for første gong. At diktaren òg var ein habil amatørteiknar, vil sikkert overraske fleire.
Vademecum, ei samling karikaturar der den seksten år gamle skoleeleven kommenterer aktuelle politiske hendingar, er eit døme på dette. Dei fleste tekstane er skrivne på vers. Dette er eit humoristisk ungdomsverk som bør kunne gle mange. Manuskriptet finst i Nasjonalbiblioteket og er det gjort digitalt tilgjengeleg i NBdigital. Du finn Vademecum på denne adressa: http://www.nb.no/vademecum/
Samlede skrifter digitalisert Nasjonalbiblioteket har i høve 200-årsjubileet for at diktaren vart fødd digitalisert Henrik Wergelands Samlede Skrifter, som består av 23 bøker. Ei bok med supplerande tekstar ( Brevene til Amalie, utgitt av Leiv Amundsen 1974) er innlemma medio april 2008, slik at det no er 24 bøker som blir rekna til Samlede Skrifter. Her finn du eit oversyn over verket: http://www.nb.no/super/wergeland
Du kan søkje i Wergelands Samlede Skrifter her: http://www.nb.no/sok/ Teksten er søkbar, og du kan søkje på alle ord og uttrykk som finst i dei 24 bøkene (hugs original rettskriving). Du søkjer da først i heile samlinga til Nasjonalbiblioteket, og treff i Wergelands Samlede Skrifter er merka spesielt. Dersom du hakar av "Wergelands samlede skrifter", kan du søkje vidare berre i Wergelands Samlede Skrifter, og få inntil tre treff per bok. Det du ser på skjermen, er bilete av boka slik ho er. Du kan bla fram og tilbake, gå til sidenummer, sjå to sider samtidig, og definere kvaliteten på visinga.