atre- og fjellsportsklubben Norsk Tindeklub gir boksamlinga si til Nasjonalbiblioteket.
Norsk tindeklub som fylte 100 år i 2008, har ikkje sjølv noko høveleg lokale for boksamlinga si, og tanken var derfor at dei kanskje kunne deponere bøkene i Nasjonalbiblioteket. No har løysinga vorte at Nasjonalbiblioteket får bøkene. Til gjengjeld blir dei haldne samla, med eiga oppstilling og signatur, og dei skal bli katalogiserte i BIBSYS. Det aller meste skal vere til heimlån både for medlemer og andre.
Grunnen til at Nasjonalbiblioteket takker ja til denne gåva, har med samlinga sin tematiske profil og kulturhistoriske verdi å gjere. Fjellsport står sterkt i Noreg, og breie lag av folket har eit godt og nært forhold til høgfjellsaktivitetar. Dessutan inneheld samlinga utanlandske tidsskrift med enkelte bidrag frå norske klatrarar, og med dokumentasjon av korleis Noreg tidleg vart mål for utanlandske klatrarar og fjellsportsfolk. Avgjerande har det òg vore at Nasjonalbiblioteket tidlegare i år tok over Henning H. Tønsberg si samling Henning H. Tønsberg si samling av materiale frå norsk fjellhistorie, og arkivet etter Peter Wessel Zappfe. Samlinga til Norsk tindeklub stør tematisk svært godt opp under desse arkiva.