Fakta om balladeprosjektet

Dei norske mellomalderballadane er forteljande viser med opphav i mellomalderen. Balladane høyrer til ein internasjonal sjanger med motiv og historier som vi finn att i mange europeiske land.

Innhaldet i balladane tyder på at dei eldste av desse visene kan ha vore dikta i seinmellomalderen (rundt 1300), men etter kvart har også nyare viser komme til seinare. Balladane levde fyrst og fremst i munnleg tradisjon, men tekstane vart også spreidd gjennom skillingstrykk, trykte og handskrivne bøker.
I Noreg kom innsamlingsarbeidet fyrst i gang rundt 1800, men mesteparten vart skrive ned frå 1840 og framover heilt til vår eiga tid. Frå tidleg på 1900-talet har vi også lydopptak.

Balladeprosjektet tek sikte på å publisere vitskaplege kjeldeutgåver av både tekstar og melodiar til norske mellomalderballadar. I 1992 starta det tidligare Norsk visearkiv arbeidet med å få ei oversikt over alle skriftlege kjelder. Opp mot 1500 melodioppskrifter og rundt 5000 tekstvariantar av til saman 252 balladetypar vart registret.

Tekstene vert publisert digitalt på bokselskap.no , og melodiane vert publisert i eit firebindsverk i samarbeid med Norsk folkeminnelag og Spartacus forlag. Nokre av balladetypane kan ha opp mot 100 tekstvariantar. For å klare å gjennomføre prosjektet publiserer vi maks fire tekstvariantar av kvar balladetype. Hittil har vi publisert 92 typar. I bokserien tek vi med alle ballademelodiar som er dokumentert på papir. Bind to kom ut i april 2014. Vi reknar med at både tekst- og melodiprosjektet
skal vera ferdig i løpet av 2016.

samlingen nettsidene