Norske mellomalderballader

Dei norske mellomalderballadane er forteljande viser med opphav i mellomalderen. Balladane høyrer til ein internasjonal sjanger med motiv og historier som vi finn att i mange europeiske land.

I Noreg kom innsamlingsarbeidet fyrst i gang rundt 1800, men mesteparten vart skrive ned frå 1840 og framover heilt til vår eiga tid. Frå tidleg på 1900-talet har vi også lydopptak.

Balladeprosjektet tek sikte på å publisere vitskaplege kjeldeutgåver av både tekstar og melodiar til norske mellomalderballadar.

Les meir om balladeprosjektet

Tekster

I 2011 starta me arbeidet med å publisere tekstane digitalt på bokselskap.no . Tekstane er strengt vitskapleg kommenterte på linje med dei andre nordiske balladeutgåvene og alle dei 252 balladedetypane har eiga innleiing.

Sjå alfabetisk oversikt over dei balladane som hittil er lagt ut .

Melodier

Melodiane vert publisert i eit bokverk i fire bind og oppfyller vitskaplege krav. Det første bindet inneheld melodiane til dei naturmytiske balladane, legendeballadane og dei historiske balladane. Det andre bindet er via ridderballadane og kjempe- og trollballadane. Det tredje bindet skal ta for seg melodiane til skjemteballadane, medan det siste bindet vert eit registerbind som også inneheld samlar og songarbiografiar. Melodiane publiserast i samarbeid med Norsk folkeminnelag og forlaget Spartacus.

Innleiing på norsk og engelsk frå bind 1
Innholdsforteiknelse bind 1
Innholdsforteiknelse bind 2
Eksempel frå bind 1

Informasjon fra forlaget om bind 1 .

Informasjon fra forlaget om bind 2 .

Faksimiler av originalmanus

Nasjonalbiblioteket har mange av musikkmanuskripta som er brukt som kilder til publikasjonane våre. Det gjeld mellom anna nedtegnelsane etter Olea Crøger, Ludvig Mathias Lindeman, Catharinus Elling, Olav Sande og Eivind Groven, som nå er digitalisert og du finn dei ved å søke i det digitale nasjonalbiblioteket . Rikard Berges handskriftsamling er lagt ut på Høgskolen i Telemarks nettside .

Ballader i bokhylla:

Jørgen Moe: Samling af Sange, Folkeviser og Stev : Norske Almuedialekter.
Oslo 1988 [1840].

Magnus Brostrup Landstad: Norske Folkeviser .
Oslo 1968 [1853].

Sophus Bugge: Gamle norske folkeviser .
Oslo 1971 [1858].

Richard Berge: Norsk visefugg .
Kristiania 1904.

Rikard Berge: Norske folkevisur av samlingane etter Sophus Bugge .
Kristiania 1911.

Catharinus Elling: Vore Kjæmpeviser belyst fra musikalsk synspunkt .
Kristiania 1914.

Knut Liestøl og Moltke Moe: Norsk folkedikting VI : Folkeviser I .
Oslo 1967 [1920-24]. 3. utgåva ved Olav Sø og Svale Solheim.

Knut Liestøl og Moltke Moe: Norsk folkedikting VII : Folkeviser II .
Oslo 1971 [1920-24]. 3. utgåva ved Olav Sø og Svale Solheim.

Ludv. M. Lindeman og Øystein GaukstadÆldre og nyere norske Fjeldmelodier 
Oslo 1983

samlingen nettsidene