Konferanse oktober 2013

Kontakt:
Språkbanken

Nordisk konferanse om språk og teknologi  7. og 8. oktober i Oslo – hald av datoen!

   

I samband med Språkåret 2013 arrangerer Nasjonalbiblioteket ein konferanse om språk og teknologi. Samarbeidspartnarar er Noregs forskingsråd og NHO.

Konferansen har som mål å kaste lys over tydinga språkteknologi har for forsking, næringsliv og samfunnsutvikling. Viktige målsetjingar er å:

  • styrkje sambandet mellom språkteknologisk forsking og næringsutvikling
  • auke medvitet om den samfunnsmessige tydinga av språkteknologi
  • skape ein arena der fagpersonar kan treffast på tvers av sektorane
  • syne korleis språkteknologi kan nyttast på ulike forskingsfelt

Målgruppa for konferansen er språkteknologar frå inn- og utland, forskarar frå ulike disiplinar, føretak som utviklar språkteknologiske produkt og tenester, og sentrale språkpolitiske aktørar.

Konferansen har tre hovudtema

  • språkteknologi, helse og velferd
  • språkteknologi, utdanning og forsking
  • språkteknologi, tryggleik og forsvar

Bidragsytarane i kvar temabolk vil vise kvifor språkteknologi er nyttig på deira fagfelt. Dei vil òg gå inn på kva ein ønskjer seg av nye tekniske løysingar, og kva utfordringar dette reiser på forskings- og produktutviklingssida.

Stadfesta bidragsytarar

Konferansespråk vil vere norsk og engelsk.

Framsyning av demoar

Tysdag 8. oktober er utviklarar innanfor språkteknologi inviterte til å presentere eigne produkt, demoar, eller generell informasjon om eige firma. Ta kontakt viss du ønskjer å presentere eit produkt eller ei teneste.

Førebels program og informasjon om påmelding kjem innan 1. juni.

samlingen nettsidene