Språk + teknologi = sant!
I samarbeid med Norsk Ordbok 2014 deltek Språkbanken på Forskingstorget i Oslo 21.-22. september.
Forskingstorget vert arrangert i samband med Forskingsdagane og er eit stort kunnskapstorg med utstillingar og aktivitetar som passar for nysgjerrige i alle aldrar. Språkbanken og NO2014 bidreg med desse aktivitetane:
- Bokstavterningspel!
- Kom og spel med bokstavterningar som i Amigo Grande! Kor mange ord klarer du? Med språkteknologi er det lett å kåre vinnarane!
- Snakk med auga!
- Språkteknologi hjelper til med å gi språk til dei som ikkje kan snakke. Hjelpemiddel for kommunikasjon kan styrast ved hjelp av tastar – men også med auga. Kom og prøv sjølv - Abilia presenterer Rolltalk, eit hjelpemiddel for menneske med nedsatt taleevne eller motorikk .
- Lag di eiga ordbok!
- Bli med i den viktige dokumentasjonen av norske dialektar gjennom å levere ord frå eige talemål til språkforskarane. Vi legg inn orda dine i ordbokdatabasen, og du får med deg ei utskrift heim i ekte ordbokformat!
- Quiz!
- Test kunnskapane dine i alt frå musikk til historie, prøv quizen her!
- Quizen er basert på søk i Norsk aviskorpus .
-
Norsk ordnett
- Sjå ei visualisering av Norsk ordnett, ei maskinleseleg ordbok der orda ikkje er organisert alfabetisk, men etter tyding.
- NB! Dette er ein betaversjon som inneheld feil, og han er ikkje sjølvforklarande.
I tillegg til desse fire hovudaktivitetane er det mykje anna å sjå på – og sjølvsagt kan de få utfyllande informasjon om både Språkbanken og NO2014!
Les meir om arrangementet og om NO2014 på lenkjene under:



