CLARINO

Nasjonalbiblioteket har sidan 2011 delteke i det norske forskingsinfrastrukturprosjektet CLARINO. CLARINO er finansiert av Forskingsrådet, og er eit konsortium sett saman av norske universitet og forskingsinstitusjonar.

Go to English version of this page.

Målet med CLARINO er å realisere den norske delen av det større, europeiske CLARIN-prosjektet. Det endelege målet er å gjere eksisterande og framtidige språkressursar lett tilgjengelege for forskarar og å bringe e-vitskap til dei humanistiske fagområda. Døme på slike ressursar er tekstkorpus (store samlingar av tekstkorpus), samlingar av innsamla talespråk, digitale ordbøker og databasar av ulik art innanfor språkvitskap og andre fagfelt.

CLARIN handlar om bevaring, gjenbruk, tilgjengeleggjering og deling av forskingsdata innanfor humaniora. Ideen er at forskarar ved europeiske forskingsinstitusjonar enklast mogleg skal få tilgang til forskingsressursar i sitt eige og andre europeiske land via eit felles søkjesystem; dei enkelte institusjonane som er med i nettverket sett opp tenester for søk i dei ressursane dei rår over, og basert på kva restriksjonar som ligg på den enkelte ressursen (opphavsrett, personvern osb.), får kvar enkelt forskar tilgang til ressursen ved å autentisere seg via sin eigen arbeidsgjevarinstitusjon.

Nasjonalbiblioteket si primære oppgåve i CLARINO er å fungere som nasjonal koordinator for utveksling av metadata mellom dei norske CLARINO-institusjonane og ut i Europa til heile CLARIN-nettverket. Nasjonalbiblioteket fungerer òg som ”innhaldsleverandør” av forskingsdata til CLARINO, i kraft av dei ulike digitale tenestene som vert utvikla her, m.a. som ein del av språkbanktenesta.

Lenkjer

samlingen nettsidene