Språkbanken

Kontakt:
Språkbanken

Språkbanken tilbyr digitale språkressursar til forsking og språkteknologisk utvikling. Ressursane er fritt tilgjengelege på nett, og samlinga vert stadig utvida.

Aktuelt

Om Språkbanken

Språkbanken er ei teneste til den delen av næringslivet som arbeider med utvikling av av språkbasert IKT, til forskarar innanfor språkteknologi og språkvitskap, og til offentlege verksemder som utviklar elektroniske løysingar for offentlege tenester. Språkbanken inneheld mellom anna tekst- og talespråkskorpus, det vil seie store samlingar av tekst og tale i maskinleseleg format.

Språkbanken er eit nasjonalt infrastrukturtiltak som skal sikre at det vert utvikla språkteknologiske produkt tufta på norsk språk, og dermed hindre tap av bruksområde for norsk språk på teknologiavhengige område, jf. Mål og meining (St.meld. nr. 35 - 2007-2008).

Ressursane til Språkbanken er fritt tilgjengelege på nett. Les meir under  Tilgjengelege ressursar i margen til høgre.

samlingen nettsidene