Nasjonalbiblioteket tilbyr forskarplassar i Henrik Ibsens gate 110.
Her får du tilgang til ei unik samling i eit inspirerande forskarmiljø. Vi tilbyr og utvida veiledning frå eit spesialisert personale. Fristen for å søkje forskarplass i høstsemesteret 2013 er 15. juni, for vårsemestret 2014 1. desember. Du får svar innan to veker etter søknadsfristen har gått ut.
Søknadskjema finn du her:
Søknadsskjema
eller i Resepsjonen i 1. etasje.
Forskarplassane vert tildelte til:
- Brukarar som i lengre periodar arbeider vitskapleg med Nasjonalbibliotekets materiale.
- Brukarar som har skriveoppdrag for forlag/utgjevarar, eller som på andre måtar arbeider profesjonelt med bibliotekmaterialet.
- Du får plassen for inntil eit år om gongen. Du kan fornye plassen, vanlegvis for inntil 2 år.
- Om du har behov for ein plass i under 6 månader finst det reserverte forskarplasser på den store lesesalen.
Reglar for bruk:
- Brukaren må nytte plassen jamleg, vanlegvis minst éin gong i veka.
- Ved fråvær over lengre tid, gjer ein biblioteket beskjed om dette.
- Brukaren med forskarplass får lånerett utover vanleg lånetid.
- Frå eigen pc får de tilgang til Nasjonalbibliotekets e-ressurser som ATEKST, Idunn, Ordnett, JSTOR, Ebrary og andre databaser og e-tidsskrift. Sjå oversikt over e-ressursar
- Plassen er tilgjengeleg for bruk i opningstidene til biblioteket.
- Ein må signere på ein avtale om bruk ved utlevering av nøkkel.
- Forskarplassar
- Veiledningen
- Språkbanken



