Pressemelding: Språkkonkurransen til Nasjonalbiblioteket: Vinnarane er kåra!

Ein jury med fagpersonar innanfor språk og opplæring har no kåra vinnarane av Nasjonalbiblioteket sin språkkonkurranse for barn og unge, Språk i ditt liv. Vinnarane av konkurransen vil få store bokpakkar i premie, og vinnarbidraga blir ein del av språkutstillinga i Nasjonalbiblioteket i haust

Nasjonalbibliotekar Vigdis Moe Skarstein ønskjer å takke juryen og konkurransedeltakarane.

– Med direktør for Språkrådet Arnfinn Muruvik Vonen i spissen for ei så fagsterk gruppe har juryeringa vore i dei beste hender. Vi er svært glade for alle bidraga som er komne inn til konkurransen frå barn og unge over heile landet. Det store mangfaldet og kreativiteten i bidraga har lært oss mykje som vi gler oss til å vise i utstillinga, seier nasjonalbibliotekaren.

Språkkonkurransen blei arrangert i samband med Språkåret2013. I tillegg til at vinnarbidraga blir ein del av språkutstillinga til Nasjonalbiblioteket hausten 2013, går alle dei innsende bidraga inn i samlinga til Nasjonalbiblioteket.

Temaet for konkurransen var språk og identitet. Elevane skulle dokumentere dei ulike språka og dialektane dei møter i kvardagen. Reglane for konkurransen lét det vere opp til elevane sjølve å velje kva dei ønskte å definere som språk. Det kunne vere språk som norsk, urdu eller norsk teiknspråk, men dei kunne òg ta for seg ungdomsspråk, språk i musikk eller kroppsspråk. Elevane blei delte inn i tre kategoriar: 5.–7. trinn, 8.–10. trinn og vidaregåande skule.

– Det har vore ei flott oppleving å få leie juryarbeidet i Nasjonalbibliotekets språkkonkurranse Språk i ditt liv, seier direktør i Språkrådet, Arnfinn Muruvik Vonen, som er svært nøgd med nivået på dei til saman 77 bidraga som kom inn til konkurransen. – Det var ikkje noko problem å finne fram til gode bidrag. Problemet var å velje ut vinnarane blant alle dei gode bidraga, seier Muruvik Vonen.

Juryen plukka ut tre vinnarar frå kvar aldersgruppe: éin førsteplass og to delte andreplassar. Kriteria som bidraga blei vurderte etter, var kreativitet, ny informasjon om språk, originalitet og om dei var lagde til rette for aldersgruppa til elevane.

– Når eg tenkjer på dei ni vinnarbidraga, blir eg i godt humør, seier Arnfinn Muruvik Vonen. – Her er det mange unge språkbrukarar som har jobba godt og lært mykje, og som har hatt det kjekt mens dei har gjort det. Skal eg nemne noko som alle vinnarbidraga har til felles, så er det at dei utstråler språkglede. Humor er òg med som ein viktig ingrediens i fleire av dei, seier juryleiaren.

– Det er òg fint at vinnarbidraga speglar mangfaldet av sjangrar i arbeida som bleisende inn i konkurransen, seier juryleiaren. – Vi finn både skriftlege tekstar, filmar, lysbiletepresentasjonar og kollasjar. Nokre bidrag er laga av enkeltelevar, andre av mindre elevgrupper, og atter andre er resultat av klassearbeid, seier Arnfinn Muruvik Vonen.

Nasjonalbibliotekar Vigdis Moe Skarstein og juryleiar Arnfinn Muruvik Vonen vil saman besøkje vinnarane frå ungdomstrinnet og det vidaregåande trinnet for å overrekkje førstepremiane, mens førstepremievinnaren frå mellomtrinnet vil få premien sin i Nasjonalbiblioteket i Oslo. Både nasjonalbibliotekaren og juryleiaren gler seg stort, både til å møte vinnarane og til å kunne presentere vinnarbidraga i språkutstillinga, som opnar 26. september i Nasjonalbiblioteket.

Nasjonalbiblioteket og juryen rettar ein hjarteleg takk til alle som har delteke i språkkonkurransen!

Og vinnarane er …

Mellomtrinnet (5.–7. trinn):

1)     Klasse 6b på Hasle skole i Oslo, med filmen «Språkdetektiv»

(Overrekking av bokpremie i Nasjonalbiblioteket onsdag 5. juni)

2)     7. trinn på Paradis skole i Bergen, med lysbiletepresentasjonen «Språk i ditt liv – på jakt etter metaforer»

2)     Cecilia Mjelde Håberg, Silja Rekdal, Jennifer Juliette Isaksen og Dina Dæmring Hillersøy frå 7. klasse på Mjølkeråen skole i Bergen, med filmen «Språket i dag»

Ungdomstrinnet:

1)     9.klasse på Steigenskolen Leinesfjord, med plakatkollasjane «Ord vi lika!» og «12 på topp»

(Overrekking av bokpremie på Steigenskolen onsdag 15. mai)

2)     Anne Koch Grønlien frå 10. klasse på Lunde skole i Stavanger, med essayet «Languaget in the future, lissom»

2)     Mathilde Rysstad, Liv Tone Åmlid og Jonas Viki frå 9. klasse på Valle skule i Valle i Setesdalen, med filmen «Dialekt fotostory»

Vidaregåande trinn:

1)     Klasse 1MDA på Greveskogen videregående skole i Tønsberg, med kollasjen «WORD WideWeb»

(Overrekking av bokpremie på Greveskogen videregående skole torsdag 30. mai)

2)     Richard André Lidström og Ole Petter Ribe frå 2. klasse på Rosenvilde skole i Bærum, med filmen «Samtaler med nettet»

2)     Sandra Vestheim frå 2. klasse på Kristiansund videregående skole i Kristiansund, med filmen «Språk i min kvardag»

Grunngivinga til juryen

Juryen
Juryen har bestått av juryleiar Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet; Lisa Baal, leiar for Senter for samisk i opplæringa; Hanne Haugli, rådgivar ved Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring; Johanne Ostad, seniorrådgivar i Språkbanken; Inger Johanne Sæterbakk, prosjektleiar i Språkåret 2013; Helene Uri, forfattar og språkvitar og Liv Kristin Bjørlykke Øvereng, høgskulelærar ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa.

Utstilling i Nasjonalbiblioteket, på nett og i bibliotek over heile landet
Språkutstillinga, som opnar på Den europeiske språkdagen 26. september, er den første utstillinga Nasjonalbiblioteket lagar som rettar seg spesielt mot barn og unge.

Samtidig med at utstillinga opnar på Nasjonalbiblioteket i Oslo, vil ei nettutstilling om språk bli tilgjengeleg på nb.no . Alle forskings- og folkebiblioteka i landet vil få tilbod om ein gratis plakatversjon av utstillinga.

Om språkkonkurransen
Konkurransen er eit samarbeid mellom Nasjonalbiblioteket, Språkåret 2013 og dei nasjonale sentra for fleirkulturell opplæring, framandspråk, matematikk, nynorsk og samisk.

Meir informasjon om konkurransen

Ønskjer du meir informasjon? Ta kontakt med oss:
Juryleiar Arnfinn Muruvik Vonen, e-post: amv@sprakradet.no , telefon: 22 54 19 72, mobil: 986 25 617
Seniorrådgivar Johanne Ostad, e-post: johanne.ostad@nb.no , telefon: 23 27 62 27, mobil: 905 52 758
Informasjonsrådgivar/presseansvarleg Nina Bræin, e-post: nina.brain@nb.no , telefon: 23 27 62 14, mobil: 951 50 912

samlingen nettsidene