Inviterer barn og unge over heile landet til storspråkkonkurranse

I samband med Språkåret 2013 inviterer Nasjonalbiblioteket alle elevar på 5.–10. trinn og i vidaregåande skule til å delta i ein konkurranse om språk. Vinnarbidraga blir ein del av språkutstillinga Nasjonalbiblioteket skal ha hausten 2013, og alle dei innsende bidraga går inn i samlinga til Nasjonalbiblioteket

– Gjennom konkurransen ønskjer Nasjonalbiblioteket å dokumentere det språklege mangfaldet blant barn og unge i Noreg i dag, seier nasjonalbibliotekar Vigdis Moe Skarstein. – Haustutstillinga, som skal handle om språk og identitet, skal òg spegle dette mangfaldet. No håper vi å få inn mange og kreative bidrag som kan gi oss eit godt bilete av kva språk som blir brukte, og korleis. Vi synest dette er ein spennande måte å samle inn kunnskap på og ser fram til å vidareformidle det i utstillinga.

Konkurransen går ut på at elevane skal dokumentere dei ulike språka og dialektane dei møter i kvardagen. «Språk» vil seie alt frå norsk, samisk, teiknspråk og urdu til språkformer som ungdomsspråk, politikarspråk, språk i musikk eller kroppsspråk. Elevane vel sjølve kva dei vil definere som språk. Bidraga kan leverast i ulike format: teikning, kollasj, bilete og film, digital forteljing, lydopptak – det er berre fantasien som set grenser. Det skal kårast vinnarar i tre kategoriar: 5.–7. trinn, 8.–10. trinn og vidaregåande skule.

– Det er ein svært fagsterk jury som skal vurdere dei innsende bidraga, seier Vigdis Moe Skarstein. – Vi er veldig glade for at direktøren for Språkrådet, Arnfinn Muruvik Vonen, og forfattar og språkvitar Helene Uri har takka ja til å sitje i juryen saman med prosjektleiaren for Språkåret 2013, Inger Johanne Sæterbakk, og representantar frå fleire nasjonale senter for opplæring og Nasjonalbiblioteket.

Fristen for å sende inn bidrag til konkurransen er 8. mars, og vinnarane blir kåra i april.

Utstilling i Nasjonalbiblioteket, på nett og i bibliotek over heile landet
Språkutstillinga, som opnar på Den europeiske språkdagen 26. september, er den første utstillinga Nasjonalbiblioteket lagar som rettar seg spesielt mot barn og unge.

– For at dette skal skje på premissane til dei unge, har vi oppretta ei referansegruppe av ungdommar som hjelper oss i arbeidet med å planleggje utstillinga, fortel Vigdis Moe Skarstein.

Samtidig med at utstillinga opnar på Nasjonalbiblioteket i Oslo, vil ei nettutstilling om språk bli tilgjengeleg på nb.no . Alle forskings- og folkebiblioteka i landet vil få tilbod om ein gratis plakatversjon av utstillinga.

Om språkkonkurransen
Konkurransen er eit samarbeid mellom Nasjonalbiblioteket, Språkåret 2013 og dei nasjonale sentra for fleirkulturell opplæring, framandspråk, matematikk, nynorsk og samisk.

Meir informasjon om konkurransen finn du her: http://www.nb.no/utstillinger/sprak/

Ønskjer du meir informasjon? Kontakt oss:

Seniorrådgivar Johanne Ostad, e-post: johanne.ostad@nb.no , telefon: 23 27 62 27, mobil: 905 52 758
Informasjonsrådgivar/pressekontakt Nina Bræin, e-post: nina.brain@nb.no , telefon: 23 27 62 14, mobil: 95 150 912

samlingen nettsidene