Samlingspolitikk

Føremål
Samlinga som Nasjonalbiblioteket tilbyr, skal omfatte tekst-, lyd- og biletbaserte kjelder til norsk kultur- og samfunnshistorie. Kjeldene skal vere fordelt over heile spekteret av medium (frå papir, via film til elektroniske medium), reflektere full sjangerbreidde og dekkje perioden frå mellomalderen fram til i dag. Nasjonalbiblioteket skal ha landets mest komplette samling av publisert norsk materiale innanfor alle typar medium. Samlinga skal i tillegg omfatte upublisert materiale av vesentleg kulturhistorisk verdi, og innehalde supplerande materiale som gjer samlinga ekstra verdifull for forsking og formidling.

Materialet som er avlevert etter pliktavleveringslova, skal utgjere kjernen i samlingsverksemda åt Nasjonalbiblioteket.

For å nå desse måla skal Nasjonalbiblioteket:

  • ta imot, registrere og ta vare på pliktavlevert materiale
  • aktivt byggje ut samlingane med relevante kjøp, gåver og deponering
  • søkje om løyve til å formidle samlingane
  • ordne og registrere samlingane i tråd med den bibliografiske planen, og med eit kontinuerleg fokus på standardar, ombruk og metodeutvikling
  • forvalte samlingane i tråd med bevaringspolitikken og ønskja frå brukarane
  • samarbeide med andre relevante institusjonar for å realisere den eigne samlingspolitikken

Pliktavleverte dokument
Pliktavleveringslova vi har i dag, er multimedial. Lova omfattar alt publisert materiale uansett mediumtype og publiseringskanal. Nasjonalbiblioteket skal gjennom ei aktiv forvaltning av lova sørgje for at avleveringspliktige dokument vert tekne vare på og gjort tilgjengelege som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Anskaffingar
I tillegg til det pliktavleverte materialet skal Nasjonalbiblioteket byggje ut samlingane sine gjennom innkjøp, gåver og deponeringar. Gåver og deponeringar skal vurderast etter dei same kriteria som kjøp. Når det gjeld materialtypane som er underlagt pliktavleveringslova, er anskaffingar tilrådeleg for å fylle lakunar i samlingane. Anskaffing av materialtypar som ikkje er omfatta av lova, bør gjerast utfrå ei vurdering av den kulturelle eller samfunnsmessige verdien. Dette gjeld også utanlandske dokument som omhandlar nordmenn eller norske tilhøve.

Som tilleggskriterium ved anskaffingar skal ein sjå på relevansen og potensialet som materialet har for noverande og framtidig forsking og formidling. Vi ønskjer å auke forskingsverdien til primærsamlingane,og vil difor byggje opp ei samling av relevant støttelitteratur i dialog med andre universitets- og forskingsbibliotek. Nasjonalbiblioteket skal arbeide aktivt for å fremje digital avlevering av dokument.

Sikring av formidlingsrett
Ved anskaffingar skal Nasjonalbiblioteket søkje om rett til å formidle materialet (dette gjeld også bruk utanom biblioteklokala). Utvida formidlingsrettar utover det som automatisk følgjer av lovverket, vil telje positivt i vurderinga av konkrete anskaffingar.

Ordning og registrering
Materiale som vert innlemma i samlingane til Nasjonalbiblioteket, skal ordnast og registrerast slik at ein kan finne det att og dokumentere den nasjonale dokumentproduksjonen. Den bibliografiske planen til Nasjonalbiblioteket skisserer dei grunnleggande kriteria for bibliografisk handsaming av materialet, og avgjer kva skildringsnivå ein skal velje for dei ulike materialtypane og dokumentkategoriane. For å sikre effektiv ressursbruk og stadig høgare kvalitet på det bibliografiske arbeidet skal Nasjonalbiblioteket ha eit kontinuerlig fokus på standardar, ombruk og metodeutvikling.

Forvaltning
Samlingane skal forvaltast på ein forsvarleg måte både forbevaring og bruk. Bevarings-, digitaliserings-, formidlings- og forskingspolitikken opererer med ulike retningsliner for korleis ein skal forvalte samlingane. I tilfelle der desse forvaltningsomsyna er i konflikt, må ein gjere ei avveging ut frå kva status det aktuelle dokumentet har i samlinga. Enkelte dokument er soleis mest viktige å forvare, medan andre har blitt kjøpt inn med tanke på forsking og formidling.

Nasjonalbiblioteket er ein sentral node i biblioteknettverket, og Depotbiblioteket skal utviklast vidare slik at norske bibliotek er sikra gode og effektive fjernlånstenester.

Samarbeid med andre
Nasjonalbiblioteket skal samarbeide med andre institusjonar for å nå dei samlingspolitiske målsetnadene. Døme på samarbeidsformer er deltaking i samarbeidsorgan, arbeidsdeling
om konkrete prosjekt og arkivsamarbeid. Ein skal her etablere permanente og effektive rutinar for samarbeid med viktige dokumentprodusentar.

samlingen nettsidene