Føremål:
Det interne og eksterne informasjons- og kommunikasjonsarbeidet til Nasjonalbiblioteket skal vere med på å synleggjere Nasjonalbiblioteket som samfunnsinstitusjon, og hjelpe å nå dei strategiske måla.
All kommunikasjon skal vere i tråd med målsettingane, det etiske regelverket og verdigrunnlaget til verksemda.
Intern kommunikasjon:
Den interne informasjonen i Nasjonalbiblioteket skal bidra til ein god kommunikasjonskultur, og støtte opp om strategiar og målsettingar ved å hjelpe medarbeidarane å forstå og jobbe fram mot måla til verksemda.
God ekstern kommunikasjon avheng dessutan av ein velfungerande intern kommunikasjon.
- Leiarane og medarbeidarane skal saman vere med på å skape ein kultur prega av openheit, dialog og informasjonsutveksling.
- Den interne kommunikasjonen skal vere heilskapleg og gå både lineært og på tvers i organisasjonen.
- Kvar enkelt leiar har informasjonsansvar overfor sine respektive medarbeidarar og leiarar.
- Alle skal ha tilgjenge til informasjonen dei treng både for å utføre dei tildelte oppgåvene og for å forstå måla og strategiane til Nasjonalbiblioteket.
- Kvar enkelt har eit sjølvstendig ansvar for å innhente og formidle informasjon til leiarar og kollegaar i tråd med god kommunikasjonskultur.
- Informasjonen skal vere både skriftlig og munnleg. Kanal/arena for intern informasjon/kommunikasjon skal veljast ut frå innhaldet og kompleksiteten i bodskapen, og behovet for å gje direkte tilbakemelding.
Ekstern kommunikasjon:
Den eksterne informasjonen og kommunikasjonen skal først og fremst synleggjere samfunnsoppdraga, tilboda og tenestene til Nasjonalbiblioteket, og hjelpe verksemda å nå måla sine. Det eksterne kommunikasjonsarbeidet skal også få fram kva forventingar brukarane og samarbeidspartnarane kan ha til Nasjonalbiblioteket ut frå det mandatet som er tildelt.
- Tilbod og tenester skal framhevast gjennom aktive tiltak tilpassa relevante kanalar og målgrupper.
- Omdømet og forbetringspotensialet til verksemda skal kartleggjast ved hjelp av ein planmessig og konstruktiv dialog med sentrale aktørar og interessentar.
- Kontakten med media skal vere i tråd med fullmaktstrukturen /retningslinene for mediekontakt.
- Verksemda skal i kontakten med media vise seg som open, tilgjengeleg, truverdig og serviceinnstilt.



