Formidlingspolitikk

Føremål:
Målet med formidlinga er å gjere den multimediale biblioteksamlinga tilgjengeleg og kjent for ålmenta og forskarsamfunnet. Det skal leggjast til rette for ei allsidig og ålmennretta formidling både tradisjonelt og gjennom digitale kanalar. Brukarane skal kunne nytte samlinga, finne informasjon, samle kunnskap og få positive opplevingar. Dette skal skje både på lesesalar og ved lån, gjennom utstillingar, publiseringar og seminar, og gjennom ulike søkemotorar.

Nasjonalbiblioteket skal vere i forkant med å utvikle tenester og service i takt med moderne informasjonsteknologi og kunnskaps- og kulturformidling.

Desse måla skal nåast ved å:

  • vere medviten om prosessen og kvaliteten i formidlingsarbeidet
  • vidareutvikle og styrke moderne formidlingspedagogikk og metodikk
  • vidareutvikle og styrke den digitale formidlinga i takt med digitaliseringsprogrammet
  • samarbeide med andre relevante aktørar for å realisere eigen formidlingspolitikk
  • knyte formidlinga til Nasjonalbiblioteket si samlingsoppbygging, digitalisering og forsking
  • gjere samlinga tilgjengeleg gjennom utstillingar og arrangement
  • ta ansvar for feiringar og markeringar av nasjonale forfattarar
  • knyte formidlingsaktiviteten til samfunnsaktuelle tema

Formidling av samlingane
Publisert norsk materiale utgjer kjernen i samlingane. Hovudkategoriane er dokument som er publisert i Noreg i form av trykt, audiovisuelt og digitalt materiale. Biblioteket har dessutan store samlingar av manuskript og supplerande utanlandsk og norsk materiale for å betre formidlinga i breidda og djupna.

Målet med formidlinga er å gje potensielle brukargrupper kjennskap til samlingane, og auke kunnskapen om bibliotekmaterialet både i forskarsamfunnet og blant ei interessert ålmente.

Digital formidling
Nettformidlinga kjem til å bli styrka vidare som hovudarena for NB. Den samlingsbaserte formidlinga vil i aukande grad vere digital.

Nasjonalbiblioteket ønskjer difor å:

  • betre og utvikle den samlingsbaserte formidlinga i retning av nettformidling
  • utvikle kunnskapsbasert formidling ut frå kva brukarane ønskjer av informasjon, og korleis dei freistar innhente denne
  • gjere metadata tilgjengeleg i søkemotorar
  • leggje til rette for digital ombruk
  • avklare opphavsrettslege problemstillingar
  • effektivisere fjernlånsfunksjonane ved å styrke samlingane i Depotbiblioteket

Utstillingar og arrangement
Føremålet med utstillings- og arrangementsprogrammet er å formidle samlinga til Nasjonalbiblioteket i eit breitt perspektiv. Dei skal syne fram biblioteket som ein moderne institusjon som prioriterer digitalisering og formidling. Biblioteket har eit særleg ansvar for å markere norske forfattarjubileum, anten åleine eller i samarbeid med andre organisasjonar eller institusjonar. Utstillingane skal variere i uttrykk og gje brukarane fysiske og digitale arenaar.

samlingen nettsidene