Etiske retningsliner for Nasjonalbiblioteket

1. Innleiing
Føremålet med desse retningslinene er å vidareutvikle og styrkje det etiske medvitet blant dei tilsette, og opne for etiske refleksjonar både hos leiarar og tilsette.

Dei etiske retningslinene er basert på ålmenngyldige etiske verdiar og normer som til dømes rettferd, lojalitet, ærlegdom, pålitelegheit og at du skal vere mot andre slik du vil at andre skal vere mot deg. Vi har mange rettsreglar (lovfesta og ikkje-lovfesta) som verkar inn på dei etiske verdiane og normene. Utforminga av lovene og anna regelverk vert påverka av dei etiske normene som gjeld til kvar tid. Retningslinene utfyller soleis dei eksisterande rettsreglane. Sjå elles dei oppdaterte føresegnene i Statens Personalhåndbok.

Sjølv om ei handling eller forsøming i tenesta ikkje medfører direkte brot på lover eller formelle reglar, kan brot på dei etiske retningslinene bli tillagt vekt i ei personalsak. Under føresetnad av at dei etiske retningslinene er gjort kjende i verksemda og forkvar enkelt, kan brot på desse retningslinene bli vektlagt til dømes i den samla vurderinga av kor skikka ein medarbeidar er. Slike brot kan òg verte trekte fram ved interne søknader på ny stilling der det er sakleg å stille krav om at dei etiske retningslinene til verksemda vert etterlevde.

Leiarane har eit særleg ansvar for oppfølging. For det første har dei har stor påverknad på åtferdskulturen og -normene gjennom ord, handlingar og leiarstil, og for det andre kan dei sjølve hamne i situasjonar som krev evne til å ta godt grunngjevne og etisk reflekterte val og avgjerder. Som eit tredje punkt er leiarane ansvarlege for å sikre at alle i organisasjonen er medvitne om dei gjeldande etiske krava, og at eventuelle brot eller ukulturar/uvanar straks vert gripne tak i. Desse krava og forventingane til leiarane iNasjonalbiblioteket vert spegla også i leiarverdiane våre.

Kvar enkelt tilsett pliktar å gjere seg kjend med dei gjeldande føresegnene og instruksane for eiga stilling, og har eit personleg ansvar for å følgje retningslinene på beste måte.

2. Generelle fråsegner

2.1. Omsyn til brukarane
Som myndigheitsutøvar, tenesteytar og forvaltar av vesentlege samfunnsressursar pliktar kvar enkelt tilsett å ta omsyn til brukarane og andre interessentar, sørgje for likebehandling og opptre med respekt.
Dei tilsette ved NB skal rette seg etter både ålmennetiske og forvaltingsetiske verdiar og normer. Kvar tilsett har eit sjølvstendig ansvar for å ivareta tilliten og omdømet til NB blant ålmenta. Dei tilsette skal ikkje la eigne interesser, omsyn til prestisje eller kva som er enklast for ein sjølv eller verksemda få lov til å påverke arbeidet eller avgjerder.

Alle lover og forskrifter om teieplikt og personvern skal overhaldast. Kvar enkelt tilsett skal alltid respektere integriteten til brukarane.

Det er viktig å vere merksam på behova, verdiane, normene og forventingane hos medlemar av etniske minoritetar både ved kommunikasjon og levering av tenester

2.2. Omsyn til Nasjonalbiblioteket sitt omdøme
Kvar enkelt tilsett pliktar å utføre oppgåvene sine og opptre utetter på ein etisk forsvarleg måte, og slik at det ikkje skadar omdømet til NB.

Den tilsette vert først og fremst oppfatta som ein representant for NB, men òg for staten som heilskap. Sistnemnde gjeld i særleg grad når den tilsette opptrer i offisielle samanhangar utanlands eller tek imot utanlandske statsborgarar. Det er alltid viktig å ha forståing for kulturen, religionen og det politiske systemet til andre land.

3. Lojalitet

3.1. Lydnadsplikt
Dei tilsette pliktar å følgje dei rettslege reglane og etiske retningslinene som gjeld for verksemda, og å etterkome pålegg frå dei overordna. Lydnadsplikta medfører ikkje plikt til å følgje påleggom å gjere noko som er ulovleg eller uetisk.
Lojalitetsplikta er eit alminnelig kontraktrettsleg prinsipp som gjeld gjensidig mellom arbeidstakaren og verksemda. Lojalitetsplikta til arbeidstakaren inneber at vedkomande må opptre i samsvar med interessene til NB.

3.2. Rapporteringsplikt
Dersom tilsette ved NB oppdagar tilhøve som kan påføre NB, tilsette eller omgjevnadene tap eller skader, pliktar dei å melde frå til arbeidsgjevaren slik at det kan setjast i verk tiltak for å unngå eller avgrense tapet eller skaden.

Døme på handlingar og tilhøve som skal rapporterast: brot eller fundert mistanke om brot på tryggingsreglane, eller tilhøve som medfører fare for liv og helse for tilsette eller andre. Det skal òg meldast frå om korrupsjon, brotsverk eller misleghald.

Rapporteringa skal normalt skje til næraste leiar, som har ansvar for den vidare handteringa av saka. Dersom det erv anskeleg for den tilsette å gå til næraste leiar, skal rapporteringa skje til ein annan overordna.

3.3. Effektivitets‑ og aktsemdsplikt
Dei tilsette ved NB pliktar å nytte og ta vare på dei statlege ressursane på ein mest mogleg økonomisk og fornuftig måte, og ikkje misbruke eller sløse med midlar. For å nå målsettingane på ein skikkelegog effektiv måte lyt ein gjere ei avveging mellom effektivitet og ressursbruk, grannsemd, kvalitet og god forvaltingsskikk.

Omgrepet «statlege midlar» dekkjer sjølvsagt meir enn berre budsjettmidlar, og omfattar alt frå bygningar, bilar og maskiner til kontormateriell og elektroniske tenester. Sjå regelverket for reiser, innkjøp osv.

Samlingane til Nasjonalbiblioteket er tileigna som følgje av lov og/eller er friviljug overført, med eller utan betaling. Alle som har å gjere med anskaffingar til samlingane og arkiva våre, pliktar i rimeleg grad å forsikre seg om at vedkomande som gir, eller på annan måte avhender eigedelar til Nasjonalbiblioteket, har rett til å foreta denne disposisjonen.

Før brukarane får tilgjenge til materialet må ein vurdere om det er naudsynt å klausulere delar av innhaldet (særleg med omsyn til åndsverk-og personvernlovgjevinga).

Ettersom NB er ei IA-verksemd må ein sjå effektivitetsplikta i samanhang med intensjonane om eit inkluderande arbeidsliv. Tilsette, og særleg leiarar, har ansvar for å motverke utstøyting frå arbeidslivet, byggje helsefremjande arbeidsplassar og førebyggje stress og tapping av energi.

4. Openheit

4.1. Offentlegheit

NB skal syne openheit både ut- og innetter og overfor andre forvaltingsgreiner. Dette er viktig for å gje ålmenta tillit til statstenesta, og samstundes motverke klanderverdig åtferd og ukultur. Offentlegheit og ein open diskusjon er føresetnader for eit velfungerande demokrati. Kravet til openheit og lojalitet står i samanhang med plikta til å rapportere om uheldige tilhøve i verksemda. Dette inneber at svara og problemstillingane vil variere frå sak til sak.

4.2. Ytringsfridom for dei tilsette
Ålmenta har krav på innsyn og informasjon, og det er viktig at dei tilsette får høve til å nytte sakkunnskapane sine til å delta kritisk og kompetent i samfunnsdebatten. Dei tilsette skal òg ha løyve til å uttale seg innanfor eige fagfelt, sjølv om lojalitetsplikta til verksemda her kan setje noko snevrare grenser for ytringsfridomen. Tilsette som uttalar seg innanfor ansvarsområdet til verksemda, skal alltid understreke at utsegnene står for eiga rekning, slik at dei ikkje kan bli oppfatta som uttrykk for standpunkta til NB.

Arbeidsgjevaren skal leggje til rette for ein kultur på arbeidsplassen som sikrar at relevant informasjon (inkludert kritiske ytringar) når fram til relevant internt nivå. Samstundes skal ein ha ein kultur der det er akseptert at dei tilsette deltek i den offentlege debatten innanfor rammene av eit romsleg lojalitetsomgrep.

Enkelte av dei tilsette ved NB har som arbeidsoppgåve å bidra til samfunnsdebatten, kome med sakkyndige utsegn osv. Sjølv om desse tilsette òg har ei lojalitetsplikt, er det ein del av jobben deira å bidra til kritisk debatt.

5. Varsling om kritikkverdige tilhøve
Dei tilsette skal kunne varsle om kritikkverdige tilhøve. Ein bør freiste ta opp tilhøvet internt før ei eventuell varsling.

Prinsippa om openheit og at innbyggjarane skal ha kontroll med forvaltinga generelt, føreset at ålmenta får innsyn i eventuelle kritikkverdige tilhøve i forvaltinga. Dette inneber at tilsette i enkeltetilfelle må kunne gje ålmenta faktiske opplysningar om klanderverdige tilhøve. Retningslinene for varsling og verneføresegnene for dei som varslar, går fram av arbeidsmiljølova.

Varslinga må vere motivert av eit ønskje om å betre stoda på arbeidsplassen, opplyse innbyggjarane om tilhøva i NB, eller fremje interessene til brukarane, NB eller samfunnet generelt.

Den tilsette bør normalt tale med sine overordna før han/ho går ut offentleg med kritiske opplysningar. Leiarane hareit særleg ansvar for at tilsette ikkje vert utsette for represaliar eller liknande frå arbeidsgjevarar eller kollegaar når dei i god tru melder frå om (mistenkt) ulovlege eller uetiske tilhøve eller handlingar.

Sjå elles rutinane for varsling.

6. Tillit
Dei tilsette skal ikkje opptre på ein måte som kan oppfattast som partisk.
Dei tilsette kan ikkje ha attåtarbeid, styreverv eller andre løna oppdrag som er i strid med dei legitime interessene til NB, eller som kansvekkje tilliten til forvaltinga. Dersom ein tilsett har attåtarbeid e.l.som kan påverke tenesteutøvinga, må det vere openheit om dette.

Ved overgong til stillingar utanfor statsforvaltinga er det viktig å sikre at tilliten som innbyggjarane har til forvaltinga, ikkje vert svekka. Samstundes må ein sørgje for at dei statlege interessene i eit forhandlings- eller samhandlingsforhold ikkje vert skadelidande.

Alle dei tilsette må vere varsame med korleis dei handterer sensitive opplysningar. Dette gjeld bl.a. overfor tidlegare kollegaar, og spesielt dersom dei representerer ein partsinteresse i forhold der staten er vedtaksmyndigheit, eller er tilsette i ei verksemd som er i eit samhandlings-eller forhandlingsforhold til staten.

Dei tilsette skal ikkje – verken på vegne av seg sjølv eller andre – ta imot eller leggje til rette for å ta imot gåver, reiser, hotellopphald, forpleiing, rabattar, lån eller andre ytingar som kan, eller har til føremål å påverke tenestehandlingane deira. Dei tilsette kan ikkje nytte stillinga si til å skaffe urettmessige føremoner for seg sjølve eller andre. Dette gjeld òg i tilfelle der desse føremonene ikkje påverkar tenestehandlingane.

Dei tilsette har i samband med tenesteutøvinga si ikkje løyve til å gje eller tilby gåver eller andre føremoner som kan, eller har til føremål å påverke tenestehandlingane til mottakaren.

Rammeavtalar med leverandørane om levering av varer og tenester til NB skal ikkje nyttast av dei tilsette til privat bruk.

Retningslinene gjeld også nærståande personar til den tilsette dersom føremona truleg har bakgrunn i det aktuelle tilsetjingsforholdet ved NB.

samlingen nettsidene