Mandat

Nasjonalbiblioteketsmandat følgjer av Prop. 1 S (2012–2013). Nasjonalbiblioteket er ei viktig kjelde til kunnskap i Noreg. Verksemda omfattar innsamling, bevaring og tilgjengeleggjering av publisert innhald innanfor alle typar medium.

Nasjonalbibliotekets verksemd er forankra i lov 9. juni 1989 nr. 32 om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument. Føremålet med loven er å sikre levering av dokument med allment tilgjengeleg informasjon til Nasjonalbiblioteket slik at vitnesbyrd om norsk kultur og samfunnsliv vert bevart og gjort tilgjengeleg som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Som samlingsforvaltar og forskingsbibliotek er Nasjonalbiblioteket ein viktig ressurs i infrastrukturen for norsk forsking. Nasjonalbiblioteket er òg ein kulturpolitisk reiskap for langtidsbevaring av kulturarven og for markeringar i samband med forfattarjubilé. Samlinga utgjer ein unik kunnskapsbase til bruk i nåtid og i framtid. Basert på utvikling av eigne tenester og eigne røynsler ber Nasjonalbiblioteket eit spesielt ansvar for å bidra til å utvikle og styrke biblioteka i Norge som aktive og aktuelle samfunnsinstitusjonar. Som statens utviklingsorgan for biblioteksektoren skal Nasjonalbiblioteket bidra til å utforme og gjennomføre ein nasjonal bibliotekpolitikk for folke- og fagbibliotek.

Nasjonalbiblioteket skal setje bibliografiske standardar, utvikle bibliografiar og autoritetsregister, drifte fellesmagasin og fjernlån gjennom depotbiblioteket og er ansvarlig for utvikling av eit norsk digitalt bibliotek.

Gjennom Nasjonalbibliotekets digitale samling og tenester som bokhylla.no, og gjennom samarbeid med aviser om å digitalisere og gjere historiske arkiv tilgjengelege, skal det skapast digitale formidlingsløysingar som gjev grunnlag for utvikling av nye tenester i norske folke- og fagbibliotek.

Med Språkbanken skal Nasjonalbiblioteket vidareføre og utvikle ein teknologisk infrastruktur i form av digitale språkressursar. Ressursane skal nyttast til utvikling av kommersielle og ikkje-kommersielle språkteknologiske produkt, offentlige tenester og forsking på språk.

Nasjonalbiblioteket skal vere eit nasjonalt kompetanse- og ressurssenter som andre institusjonar i bibliotek- og kultursektoren kan nytte seg av.

samlingen nettsidene