Strategisk samarbeid

NRK
Nasjonalbiblioteket har sidan 2000 hatt eit strategisk samarbeid med NRK om å digitalisere NRK-arkiva. Avtalen omfattar også etablering og drift av eit arkiv for digital langtidsbevaring i det digitale sikringsmagasinet hos Nasjonalbiblioteket, og fortløpande bruk hos NRK.
28. februar 2013 signerte NRK og Nasjonalbiblioteket ein avtale som gjer Nasjonalbiblioteket rett til å publisere radioinnhald der NRK eig alle opphavs- utøvar- og produsentrettar. Programma skal berre gjerasttilgjengelige som streaming. Nasjonalbiblioteket arbeider no med å finne ei teknisk løysning for publiseringa.
Sjå avtalen mellom NRK og Nasjonalbiblioteket (pdf)

Aviser
Nasjonalbiblioteket har inngått avtalar med ei rekkje aviser om å digitalisere historiske avissamlingar og gjere dei tilgjengelege for ålmenta. Det er gjort avtalar både med landsdekkande, regionale og lokale aviser. Nasjonalbiblioteket er i kontinuerleg dialog med fleire andre aviser. Dette materialet blir gjort tilgjengeleg i norske bibliotek.

Kopinor
Bokhylla.no er eit samarbeidsprosjekt om nettilgong til norskpublisert litteratur, og er formalisert i ein avtale mellom Nasjonalbiblioteket og norske rettshavarar, representert av Kopinor.
Tenesta kjem til å innehalde omlag 250 000 bøker når ho er komplett i 2017. Bøker frå heile 1900-talet fram til og med 2000 vert då tilgjengelege for alle med norsk IP-adresse. Brukarane har høve til å laste ned bøker som ikkje er opphavsrettsbeskytta.

Se avtalen mellom Kopinor og Nasjonalbiblioteket   (pdf)

samlingen nettsidene