Kvifor digitalisere?

Nasjonalbibliotekets digitaliseringsprogram har to formål: Bevaring og formidling

Bevaring
Samlinga er vår kollektive hugs som nasjon. Å digitalisere samlinga er med på å sikre henne for komande generasjonar.
Tryggleik, skalerbare løysingar og tilstrekkeleg kapasitet for migrering og konvertering av digitalt innhald er viktige element i det digitale bevaringsarbeidet.
Nasjonalbiblioteket tilbyr òg bevaring av digitalt innhald frå andre kulturinstitusjonar i Noreg. 

Formidling
Materiale som ikkje er verna av opphavsretten, vert gjort tilgjengeleg for alle på Internett. I tilfelle der vi har avtalar med opphavsrettsorganisasjonar, får brukarar med norske IP-adressar nettilgjenge også til opphavsrettsbeskytta materiale. Heile den digitale samlinga, inkludert opphavsrettsbeskytta materiale, er tilgjengelig for forsking og dokumentasjon i lokala til Nasjonalbiblioteket.

samlingen nettsidene