Korleis vert materialet digitalisert?

Nasjonalbiblioteket har ei rekkje produksjonsløyper for handsaming av ulike materialtypar. Kvar dag flyt fleire terrabyte med data gjennom desse løypene.
Materialet som vert digitalisert, går gjennom følgjande produksjonsprosessar:

  • skanning/digitalisering
  • strukturanalyse
  • etterhandsaming

Skanning/digitalisering:
Nasjonalbiblioteket har fleire typar skannarar og digitaliseringsverktøy, blant anna dokumentskannarar, blaskannarar og autoblaskannarar. Desse vert nytta for å digitalisere papirmateriale som til dømes bøker, tidsskrift, aviser og fotografi. Vi har òg utstyr for å digitalisere film, video og lyd. 

Strukturanalyse:
Materiale som inneheld tekst, vert ofte sendt til Optical Character Recognition (OCR) etter digitalisering. Denne prosessen inneber at datamaskiner gjer bilete om til tekst. På den måten kan brukaren søkje i heile teksten, og ikkje berre i metadataa. I tillegg vert det gjort analysar for å merke kva delar av teksten som er overskrift, avsnitt og liknande.

Etterhandsaming:
Filene vert automatisk validerte og kontrollerte, det vert generert metadata, innhaldet vert lagt inn i databasar og filene vert gjort tilgjengelege for formidling og lagring i det digitale arkivet vårt. Trykt materiale vert lagra som JPEG2000 eller TIFF, medan radiomateriale vert lagra som WAV. Levande bilete kan bli lagra i ulike format, deriblant MPEG4 H264.

Digitaliseringsløyper

  • Aviser
  • Bilete
  • Bøker
  • Lyd
  • Manuskript, handskrifter, notar
  • Tidsskrift
  • Videoar/filmar
  • Stortingsmeldingar

I tillegg til løypene som vert nytta til å digitalisere den fysiske samlinga, har vi sokalla mottaksløyper for handsaming av materiale som er «fødd digitalt». Vi tek til dømes imot digitale utgåver av aviser, og handsamar dei for lagring og formidling. Mottaksløypene vert nytta ved nedlasting, strukturanalysar og etterhandsaming.

Mottaksløyper for digitalt materiale

  • Aviser
  • E-bøker
  • Offentlege evalueringar
  • Lydbøker
  • Radio
  • TV
  • Webinnhausting
samlingen nettsidene