22

nov

Norske mellomalderballadar

Gerhard Munthe: “Dommedag”. Illustrasjon til Draumkvedet, 1904. Foto: Nasjonalbiblioteket

UTSTILLING 22.11.–14.1.

«Kråkevisa», «Bendik og Årolilja», «Per spelemann» og hundrevis av andre typar mellomalderballadar har bergteke og mora oss i fleire hundreår, og har etter kvart blitt ein viktig del av den norske kulturarven. 

Sidan folkeminnesamlarar byrja å skrive ned desse visene på midten av 1800-talet, har det vore arbeidd med å publisere balladane i ei vitskapleg utgåve. No har Nasjonalbiblioteket gjort ferdig det store arbeidet og lanserer denne hausten dei siste av tolv verk med melodiar, tekstar, songar- og samlarbiografiar og innleiingar om dei ulike balladetypane.

Lanseringa blir markert med konsert med KORK, Kirsten Bråten Berg, Gunnhild Sundli og fleire i Store Studio hos NRK den 23. november og nokre av dei fremste folkemusikarane i Noreg og ei boklansering og utstillingsopning 22. november med mellom anna Knut Reiersrud.

Utstillinga «Piri mitt mitt parian» med originalmateriale frå samlinga til Nasjonalbiblioteket som trekkjer fram tre sentrale balladar – «Draumkvedet», «Villemann og Magnhild» og «Tordivelen og flua». Kva kan dei fortelje oss om korleis vi har levd før i tida, og kva vi har vore opptekne av?

samlingen nettsidene