Ut i verda – Kjartan Fløgstad 70 år

Last ned pdf

Last ned pdf

Last ned pdf

     

Tilbod til folkebibliotek og fag- og forskingsbibliotek om tre plakatar om Kjartan Fløgstad sin forfattarskap. Om ditt bibliotek ikke allereie har tinga plakatane, ta kontakt på: informasjon@nb.no 

7. juni 2014 fyller Kjartan Fløgstad 70 år. Med eit 40-tals utgjevingar og internasjonal gjennomslagskraft er Fløgstad ein av Noregs viktigaste samtidsforfattarar. 

Som få andre norske forfattarar har han skildra brytingane mellom industrikultur, marknadsliberalisme og informasjonssamfunn. Noko som i forfattarskapen hans ofte kjem til uttrykk i draumen om eit oppbrot; frå Vestlandet og ut i verda. 

Denne rørsla i forfattarskapen frå industri til informasjon, frå Vestlandet til verda, har vi prøvd å uttrykke i utforminga av dei tre plakatane på følgjande vis. Fargepaletten er plukka frå romanen U3 (1983). Den varme oransje fargen kan minne om gløden frå smelteomnen eller  varmen i Latin- og Sør-Amerika som Fløgstad skriv om i fleire av utgjevingane sine. Industrisamfunnet  dannar horisonten på hovudplakaten og er symbolsk til stades i den metallgrå, sølvglinsande fargen som går igjen. På plakaten om Fløgstads skrivemåte har vi med Goyas maleri «Entierro de la Sardina» som vart nytta på omslaget til Dalen Portland (1977). Biletet vekkjer tankar om forfattarskapens karnevalisme og magiske realisme. Blåfargen peiker mot hav og himmel – ut i verda.

Dette er våre tankar. Vi håpar dei vekkjer langt fleire og kanskje heilt andre assosiasjonar i dykk, og at dei freistar deg og bibliotekbrukarane dine til å søkje inn i Fløgstads forfattarskap.

samlingen nettsidene