Konserter

16

jan

Slåttemusikk frå Valdres

Laura Ellestad
Fotograf: Janne Hoem

Kl. 17 i "Slottsbiblioteket" (Det gamle auditoriet)

Solokonsert med slåttemusikk frå Valdres på hardingfele.
Solist: Laura Ellestad

Program:

Springar etter Ulrik i Jensestogun
Anne Vik, springar
Brurelåtten etter Jørn Hilme og Bendik i Nø'n
Jålin, springar
Rengja, springar
Siste låtten Krøsshaugen let, lydarlått
Springar etter Jørn Røn
Springar etter Ola Okshovd
Halling på ljøsblått
Kjørstaddrepen, springar

Laura Ellestad spelar tradisjonell hardingfelemusikk frå Valdres. Ho har bachelor i tradisjonsmusikk frå Ole Bull Akademiet (2008–2012) og har gått i lære hjå nokre av dei fremste hardingfeleutøvarane i landet, deriblant Tore Bolstad, Jan Beitohaugen Granli, Leif Rygg og Håkon Høgemo.  Laura er oppvokst i Calgary, Alberta, Canada. Ho vart i 2005 valt ut av Hardanger Fiddle Association of America (HFAA) som vinnar av Ole Bull Scholarship. I 2009 vart ho tildelt Torleiv Bolstads minnestipend. Ho er mykje nytta som dansespelemann, både på øving, kurs og kappleik. Ho er for tida masterstudent ved Norges musikkhøgskole, der ho granskar musikken og aktivitetane til utvandra hardingfelespelemenn frå Valdres.

 

samlingen nettsidene
‹‹ Januar 2014 ››
Man Tir Ons Tor Fre Lør Søn
01 02 03 04 05
06 07 08 09 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30 31

Denne uken

Konsert: Den var vaar denne jord
20. sep kl. 14:00