05

sep

Verdas fyrste romforskar. Alv Egeland og Bjørn Pedersen om Kristian Birkeland

Kristian Birkeland. Fotograf ukjent, 1912  Eier Nasjonalbiblioteket.

Tysdag 5. september kl. 13.00–15.00

Kristian Birkeland blei tidleg kjend over heile verda for dei elektromagnetiske studia sine, og særskilt for studia av nordlyset. Han forklara at nordlyset oppstår når solpartiklar råkar atmosfæren kring jorda, og han laga ein elektrisk lysboge som gjer at nitrogenet og oksygenet i lufta reagerer og dannar nitrogendioksid. Dette blei brukt til å produsere kalksalpeter, og var starten på industrieventyret Norsk Hydro, som Birkeland grunnla saman med Sam Eyde.

I år er det 150 år sidan fysikaren Birkeland blei fødd, og 100 år sidan han døydde snautt 50 år gamal. Alv Egeland er professor emeritus i fysikk ved Universitetet i Oslo, og Bjørn Pedersen er professor emeritus i kjemi ved Universitetet i Oslo.

samlingen nettsidene