14

mai

Ut i verda – Kjartan Fløgstad 70 år

Kl. 12:00–15:15 

Ei av tre plakatar Nasjonalbiblioteket tilbyr folkebibliotek og fag- og forskingsbibliotek som ønskjer å markera forfattarskapen. Sjå alle plakatane her.

Nasjonalbiblioteket tjuvstartar markeringa av Kjartan Fløgstads 70-årsdag med eit seminar om forfattarskapen hans.

Det blir foredrag av Dag Solstad, Marit Eikemo med fleire. Òg Nasjonalbibliotekets forskingsbibliotekarar tar moderne digitale metodar i bruk i jakta på den eine fløgstadske setninga som definerer posisjonen hans i det norske skriftspråket.

Program:

12:00 Registrering
12:30 Velkommen ved konstituert nasjonalbibliotekar Roger Jøsevold
12:40 Marit Eikemo: Forlatne utopiar
13:10 Marius Wulfsberg: Ut i verden. Fra Sauda til Sør-Amerika
13:40 Kaffipause
14:10 Dag Solstad: Kort hilsen. Fra Dag Solstad til Kjartan Fløgstad 
14:40 Lars Johnsen og Trond Haugen: Inn i språket. På jakt etter Fløgstads egenart

    

Seminaret er gratis og ope for alle. Fristen for påmelding er utgått og arrangementet er fullbooka.  

Ved eventuelle spørsmål ta kontakt med Sara Østlund Nilsson: Sara.Nilsson@nb.no / 23 27 61 22.

samlingen nettsidene