05

sep

Søk i Nasjonalbibliotekets samling. Drop-in søkekurs

Tysdag 5. september–torsdag 7. september

Ein stadig større del av den unike samlinga i Nasjonalbiblioteket er digitalisert. Men visste du at du får fleire treff i nb.no om du sit på biblioteket? Eller at vi har lansert eit nytt grensesnitt som gjer avissøket ditt meir oversiktleg? Slik at du kanskje finn trulovingsannonsen til oldefar din frå 1892. Og kva med stoff som ikkje er digitalt – korleis får du tilgang til det?
 
Frå tysdag 5. til torsdag 7. september mellom kl. 12.00 og 15.00 kan du få ein-til-ein-rettleiing i søk i samlinga til Nasjonalbiblioteket.

samlingen nettsidene