22

nov

«Piri mitt mitt parian»

Gerhard Munthe: “Dommedag”. Illustrasjon til Draumkvedet, 1904. Foto: Nasjonalbiblioteket

Kl. 19.00

Dei særprega og vakre mellomalderballadane ber med seg dramatiske historier om alt frå død, valdtekt og blodhemn til vakker kjærleik og erotisk humor, frå religiøse visjonar og historiske hendingar til havfruer og snakkande dyr. Utstillinga «Piri mitt mitt parian» (22.11.–14.1.) trekkjer fram tre sentrale balladar – «Draumkvedet», «Villemann og Magnhild» og «Tordivelen og flua». Kva kan dei fortelje oss om korleis vi har levd før i tida, og kva vi har vore opptekne av?

Prof.em. Olav Solberg er balladeforskar og har vore knytt til balladeprosjektet. Saman med kvedar Øyonn Groven Myhren, stortingspresident og kulturpolitikar Olemic Thommesen og musikar Knut Reiersrud samtalar han med redaktør i Bokmagasinet Karin Haugen om mellomalderballadar og arven dei ber med seg.

 

Arrangementet er del av Nasjonalbiblioteket si lansering av tolv bind med mellomalderballadar:

«Kråkevisa», «Bendik og Årolilja», «Per spelemann» og hundrevis av andre typar mellomalderballadar har bergteke og mora oss i fleire hundreår, og har etter kvart blitt ein viktig del av den norske kulturarven. 

Sidan folkeminnesamlarar byrja å skrive ned desse visene på midten av 1800-talet, har det vore arbeidd med å publisere balladane i ei vitskapleg utgåve. No har Nasjonalbiblioteket gjort ferdig det store arbeidet og lanserer denne hausten dei siste av tolv verk med melodiar, tekstar, songar- og samlarbiografiar og innleiingar om dei ulike balladetypane.

Lanseringa blir markert med konsert med KORK i Store Studio hos NRK den 23. november  og nokre av dei fremste folkemusikarane i Noreg og ei boklansering og utstillingsopning 22. november [lenke] med mellom anna Knut Reiersrud.

samlingen nettsidene