15

sep

Norske byggeklosser. Utekino i Hydroparken

Fredag 15. september kl. 21.00

«Det er en parodi på Norge» sa Pål Bang-Hansen om komedien Norske byggeklosser. Filmen tok utgangspunkt i ein laus idé: kva skjer når ein nordmann vil byggje eit hus? Svaret er: ingen ting går som planlagt. Det gjorde det heller ikkje på filmsettet, der staben fekk improvisere fritt, og Rolv Wesenlund spela heile åtte roller – alle kalla opp etter dåverande regjeringsmedlemar. Norske byggeklosser blei ein publikumssuksess på 70-talet, og blir i dag rekna som ein norsk kultklassikar.

Norske byggeklosser, 1972. Regi: Pål Bang-Hansen. 1t 34min

Arrangementet er ein del av Oslo Kulturnatt.

samlingen nettsidene