07

sep

Myllargutens bruremarsj. Per Anders Buen Garnås, Ottar Kåsa og Tuva Syvertsen

Torsdag 7. september kl. 18.00

Denne vemodige slåtten dikta spelemannen Tarjei Augundsson , Myllarguten, då jenta han var glad i gifte seg med ein annan. Myllarguten blei ei legende, og historiene om han og musikken hans er mange. Andreas Munch kalla han «Fjeldets raa søn», og Welhaven hylla han i eit langt dikt. I den norske folkemusikktradisjonen er musikken uløyseleg knytt til dei gode forteljingane, og dei gode forteljarane er høgt skatta.

Per Anders Buen Garnås og Ottar Kåsa er to av dei fremste unge spelemennene i vår tid. No møter dei spelekvinne og vokalist Tuva Syvertsen til ei samtale der dei gode historiene står i sentrum.

Arrangement i same serie:

21.09 | Gipsgutten og Liti Kjersti. Kari Svendsen, Øyonn Groven Myhren og Tuva Syvertsen

samlingen nettsidene