05

sep

Monster og menneske. Sara Orning og Erling Sandmo

Tysdag 5. september kl. 18.00

«Monstrenes historie er den ville, sprelske, forskrekkelige nattsiden av normalitetens historie,» skriv Erling Sandmo i innleiinga til boka Uhyrlig, som blir lansert i dag. Her har han samla sogene bak enorme krakar og fælslege sjøormar, havmenner og drakar, slik dei viser seg på kart og litteratur i Nasjonalbibliotekets samling frå 1491 til 1895.

Kva som skil eit monster frå eit menneske er noko av det Sara Orning har forska på, når ho har sett på kulturelle oppfatningar om monster og freaks til alle tider. Kvifor er vi så opptekne av det monstrøse? Og korleis endrar tida og kulturen synet vårt på kva eit monster er? Sandmo og Orning møter Hilde Østby til samtale og boklansering.

samlingen nettsidene