Kalender

Kalenderen gir oversikt over publikumsarrangementer i Nasjonalbiblioteket.
For oversikt over bibliotekfaglige arrangementer se Kalender bibliotekutvikling .

10

des

Toril Moi les A. O. Vinje

 

Kl. 14.00

Fortidas folkelesnad

Språkpioner, forfattar og bladfyk. «Den fyrste moderne journalisten», blei han kalla, og han står bak nokre av dei store høgdepunkta i den norske nasjonallitteraturen. Aasmund Olavsson Vinje blir ofte trekt fram som ein føregangsmann. Kva spor har han faktisk sett etter seg?

I Ferdaminni fraa Sumaren 1860 skildrar han ferda si gjennom store delar av innlandet med humor, vidd og realisme. Professor Toril Moi har lese Vinje for fyrste gong og vandra i lag med han gjennom Eidsvoll, Gudbrandsdalen og Trøndelag. Kva fortel Vinje oss om det norske? Kjenner vi oss framleis att i folket og landet han skriv om?