Kalender

Kalenderen gir oversikt over publikumsarrangementer i Nasjonalbiblioteket.
For oversikt over bibliotekfaglige arrangementer se Kalender bibliotekutvikling .

04

april

Albert Einstein i Noreg. Føredrag ved Nils Voje Johansen

 

Albert Einstein. Foto: Halvor Rosendahl. Universitetshistorisk fotobase, UiO.

Tysdag 4. april kl. 13.00–15.00

I november 1919 la britiske astronomar fram målingar som støtta den generelle relativitetsteorien til Albert Einstein frå 1915. Nærast over natta blei Einstein verdskjend. Våren året etter inviterte Studentersamfunnet han til Noreg og Kristiania. 

Nils Voje Johansen er universitetslektor ved Matematisk institutt ved UiO og har gjeve ut ei rekkje bøker og artiklar om norsk vitskapshistorie. No fortel han om bakgrunnen for besøket frå Einstein, om kva han snakka om då han var her, og om kvifor nordmennene blei dei fyrste som fekk høyre han snakke offentleg om den banebrytande teorien sin.