Kalender

Kalenderen gir oversikt over publikumsarrangementer i Nasjonalbiblioteket.
For oversikt over bibliotekfaglige arrangementer se Kalender bibliotekutvikling .

26

april

Den aller viktigaste augeblinken. Kyrre Lien, Jonas Bendiksen, Andrea Gjestvang og Elli Trier

 

Foto: Kyrre Lien

Onsdag 26. april kl. 19.00

Fotografiet er ein sentral del av nyheits-formidlinga, men kva kjenneteiknar ei god fotografisk forteljing?

Dokumentar- og pressefotograf Andrea Gjestvang vann ei rekkje prisar for portrettserien av Utøya-overlevande i 2013. Kyrre Lien jobbar mellom anna for VG og New York Times, og hamna nyleg på Forbes-lista over nyskapande entreprenørar. Magnum-fotografen Jonas Bendiksen reiser verda rundt ogleverer bilete til internasjonal presse og magasin som National Geographic. No møter dei redaktør Elli Trier frå magasinet Fotografi til samtale om jakta på den rette augeblinken.

__________
I éin magisk augeblink stemmer alt: Lys, komposisjon og blikket til fotografen gjennom linsa går opp i ein høgare einskap og blir forvandla til noko anna og meir. Men kva er eigentleg det perfekte fotografiet? Og korleis har vårt blikk på fotografiet – og sjølve det fotografiske blikket – endra seg gjennom tidene?

Nasjonalbiblioteket forvaltar delar av den norske fotohistoria og har fleire millionar bilete i samlingane sine. I vår ser vi nærare på tre fotografiske sjangrar: krigsfotografiet, fotojournalistikken og fotografiet som kunstnarisk uttrykk.

19. mai | Å fotografere liding. Harald Henden, Espen Rasmussen, Kristin Aasbø og Åshild Eidem

24. mai | Meir enn auget kan sjå. Per Maning, Eline Mugaas og Kåre Bulie

samlingen nettsidene