Kalender

Kalenderen gir oversikt over publikumsarrangementer i Nasjonalbiblioteket.
For oversikt over bibliotekfaglige arrangementer se Kalender bibliotekutvikling .

21

sep

Gipsgutten og Liti Kjersti. Kari Svendsen, Øyonn Groven Myhren og Tuva Syvertsen

 

Torsdag 21. september kl. 19.00

I skillingsvisa «Gipsgutten» frå 1869 møter vi ein gut som går i lære hjå dei italienske brørne Guidotti, dei fyrste gipsmakarane i Christiania. I mellomalderballaden «Liti Kjersti» møter vi jenta som blir bergteken og får barn med bergekongen. Både gamle og nyare folkeviser gjev oss eit kikhol inn i livet til folk som har levd før oss. I den norske folkemusikktradisjonen er musikken uløyseleg knytt til dei gode forteljingane, og dei gode forteljarane er høgt skatta.

Visesongar Kari Svendsen og kvedar Øyonn Groven Myhren erto av dei fremste folkemusikkformidlarane våre. No møter dei spelekvinne og vokalist Tuva Syvertsen til ei samtale om oslogutar, bergtekne jenter og andre gode historier frå folkeviseuniverset.

Arrangement i same serie:

07.09 | Myllargutens bruremarsj. Per Anders Buen Garnås, Ottar Kåsa og Tuva Syvertsen