Kalender

Kalenderen gir oversikt over publikumsarrangementer i Nasjonalbiblioteket.
For oversikt over bibliotekfaglige arrangementer se Kalender bibliotekutvikling .

01

april

Ei illustrert historie. Einar Økland om norsk illustrasjonskunst

 

Einar Økland. Foto: Tove K. Breistein

Laurdag 1. april kl. 14.00

Kva kjenneteiknar den norske illustrasjonskunsten? Korleis har han endra seg gjennom historia, og kva kunstnarar og teknikkar har prega utviklinga?

Den allsidige forfattaren og samlaren Einar Økland har skrive fleire bøker om bokomslag og norske illustratørar, til dømes Harald Damsleth, Per Krohg og Theodor Kittelsen. Han sit på den største samlinga av bruksgrafikk og trivialbilete i Noreg, og har som dedikert samlar av kulturhistoriske kuriositetar utforska og formidla norske illustrasjonar av ulike slag. No skisserer han opp historia til den norske illustrasjonskunsten i Noreg.

Etter føredraget gir fagansvarleg Martina Gaux omvising i utstillinga «Billedlig talt».

Arrangementet er knytt til utstillinga «Billedlig talt», som opnar 2. mars.

samlingen nettsidene
‹‹ April 2017 ››
Man Tir Ons Tor Fre Lør Søn
01 02
03 04 05 06 07 08 09
10 11 12 13 14 15 16
17 18 19 20 21 22 23
24 25 26 27 28 29 30