15

sep

Byråkrati og byggjeklossar. Atle Antonsen, Erlend Loe og Bent-Bang Hansen

 

Fredag 15. september kl. 19.30

Med eit parodisk blikk på byråkratiet, innpåslitne naboar og krangling med handverkarar, sette filmen Norske Byggeklosser den norske, husbyggjande folkesjela under lupa.

Filmarkivar Bent Bang-Hansen har vakse opp både bak og på lerretet til Norske Byggeklosser, med ei rolle i denne og fleire av filmane til Pål Bang-Hansen. No får klassikaren ein oppfølgjar, der Atle Antonsen står for både manus og elleve av rollene. Antonsen er ikkje framand for å lage humor av tungrodd byråkrati, med tv-seriar som Etaten og NAV bak seg. Også Erlend Loe set ord på den sære norske folkesjela og byråkratiet, mellom anna i tv-serien Kampen for tilværelsen og romanen Fvonk. No møter dei tre Tonje Skar Reiersen til samtale, før det blir filmframsyning under open himmel.

Arrangementet er ein del av Oslo Kulturnatt.

samlingen nettsidene