20

sep

Symfonien. Lars Petter Hagen, Eivind Buene og Erling Gulbrandsen

 

Onsdag 20. september kl. 19.00

Symfonien kan seiast å vere musikkens roman, og er ei musikkform med lange tradisjonar. Frå den napolitanske operasinfonia via Mannheimerskulen til wienerklassisismen, der han fann si klassiske form med fire satsar. I dag er det fleire som går bort frå det tradisjonelle formatet. Kva gjer det med musikken og det ein ynskjer å formidle?

Komponist Lars Petter Hagen har vunne både Spellemannprisen og Edvardprisen, og vore kunstnarleg leiar i mellom anna Ultimafestivalen. Komponist og forfattar Eivind Buene arbeider gjerne i skjeringspunktet mellom improvisasjon og klassisk notasjon. Erling Gulbrandsen er professor i musikkhistorie, og ein aktiv formidlar og kritikar. No møter dei tre musikkjournalist Ida Habbestad til samtale om symfonien i dag.

Arrangementet er ein del av serien «Musikklære».

Korleis byggje ein perfekt låt eller ein symfoni? Kvifor har trioen alltid vore ei så populær bandsamansetning? Kva utfordringar møter albumformatet i den moderne musikkvardagen, og korleis er stemma med på å forsterke musikalske sjangeruttrykk?

Musikalske medium, format og uttrykk er i stadig rørsle, frå spontane ytringar i vikingtida via munnleg tradering i mellomalderen fram mot grammofonplater, kassettar, musikkvideoar og digital strøyming. Nasjonalbiblioteket inviterer i haust musikarar og fagpersonar til å snakke om ei rekkje musikalske former i utvikling. Kva ser vi på som nyskapande i dag, og korleis påverkar dei ulike musikalske uttrykka kvarandre på tvers av tradisjonelle sjangrar og format?


06.09 | Stemma. Sidsel Endresen, Solveig Kringlebotn og Grutle Kjellson

20.09 | Symfonien. Lars Petter Hagen, Eivind Buene, Erling Gulbrandsen og Ida Habbestad

11.10 | Låten. Don Martin, Anne Danielsen, Stig Karlsen og Askil Holm

samlingen nettsidene